Helsestasjon for flyktningar

Kommunen ved helsestasjon for flyktningar vil sørgje for at nykomne flyktningar får tilbod om helsetenester.

Flyktningar som bur i kommunen har rett til somatisk og psykisk helseteneste på same måten som andre som bur i kommunen. Når dei kjem til kommunen får dei tilbod om helsesamtale og gratis undersøking hjå lege  og  tannlege.

  • Dei som kjem direkte til Noreg vert innkalla på helsestasjonen for 1. gongs undersøking og vidare oppfølging i samarbeid med lege.
  • Tuberkuloseoppfølging (pliktig 14 dagar etter innreise), blodprøvar, kartlegging av fysiske og psykiske tilstandar som eventuelt treng  behandling og oppfølging vert gjennomført.
  • Tilbod om vaksinar.
  • Borna vil følgje det ordinere helsestasjonstilbodet 0-18 år.
  • Vidare oppfølging for alle flyktningar, der ein samarbeider tverrfagleg med andre kommunale einingar utifrå behov.

Helsestasjon for flyktningar samarbeider nært med Flyktningtenesta, Røde Kors, vaksenopplæringa og fastlegane.