Sakshandsaming

Kven kontaktar barnevernet?

Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte.

Barneverntenesta vert kontakta av både foreldra sjølv, andre privatpersonar og offentlege instansar. Alle offentlege einingar som til dømes skule, barnehage, lege og helsesøster har meldeplikt til barneverntenesta dersom dei har grunn til å tru at eit barn lir under omsorgssvikt. Private kan også melde anonymt.
 

Barnevernstenesta skal

  • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter lov om barneverntenester
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.


Sakshandsaming
Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.

Ved undersøking vert det neste steget å ta kontakt med foreldra, dersom uroa ikkje gjeld mistanke om overgrep, eller at det er foreldra sjølve som har meldt uroa. Vidare hentar ein inn opplysningar frå offentlege instansar som t.d. skule eller barnehage. Når undersøkinga er gjort ,vert det vurdert om ein skal sette inn hjelpetiltak for barnet. Barnevernet har lovfesta tidsfristar i sakshandsamingsarbeidet.

Er du bekymra for eigne eller andre sine born?

Då kan du vende deg til barnevernet, skriftleg eller munnleg. Dersom du er i tvil om dette er ei sak for barnevernet eller andre, kan du ringe og få rettleiing om dette, også anonymt.

Kva hjelp kan barnevernet gje?

Barnevernet skal alltid vurdere å gje hjelp til barnet og familien slik at dei kan fungere betre i heimesituasjonen. Barnevernet har ei rekkje frivillige hjelpetiltak.
I nokre saker er frivillige hjelpetiltak ikkje nok til å gje borna god nok omsorg. Slike avgjerder vert tekne av Fylkesnemnda for sosiale saker, og ikkje barnevernet sjølv. Fylkesnemnda skal då avgjera om omsorga skal overtakast av kommunen, og kva som er til barnets beste. Dersom kommunen overtek omsorga for barnet/ungdommen, vil barnet/ungdommen få plass i ein fosterheim eller ein barnevernsinstitusjon.

Teieplikt

Alle som arbeider ved barneverntenesta, har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.