Omsorgsovertaking av eit barn

Det offentlege overtar omsorga for eit barn når foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gje god nok omsorg til barnet. Det må vere nødvendig å overta omsorga ut frå den situasjonen barnet er i. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om omsorgsovertaking. Eit slikt vedtak kan ikkje gjerast dersom det kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak.

Kort tid etter at dei har overteke omsorga for eit barn, skal barneverntenesta kontakte foreldra og tilby rettleiing og oppfølging. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre foreldra si omsorgsevne, slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.

Foreldra kan krevje at vedtaket om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten for rettsleg prøving.

Det skal oppnemnast ein talsperson for å sikre at barnet blir høyrt i saker som fylkesnemnda skal behandle. Talspersonen skal vere talerøyr for barnet, og skal vere uavhengig av barnevernstenesta og foreldra til barnet.

Kriterium

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere 

  • at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
  • at foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt eller funksjonshemma barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • at barnet blir mishandla 

 

Handsaming

Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolliknande organ som normalt blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av eit sakkunnige medlem og ein lekmann.

 

Fann du det du leita etter?