Private barnehagar

Klikk for stort bilete        

I Voss kommune er det 8 private barnehagar. I tillegg er det ein open barnehage i Vonheim 3 dagar i veka. Dei private barnehagane er ulike i størrelse og eigarform, nokre er einavdelingsbarnehagar og nokre er store med tre eller fire avdelingar. Dei private barnehagane er med på samordna opptak i kommunen. I Voss kommune arbeidar alle barnehagane, både private og kommunale, med barnehage-Zero. Me er òg i gang med utviklingsarbeidet «Den gode barnehage», og seks av barnehagane deltek i det. Dei to andre er i gang med eigne utviklingsarbeid initiert av eigarane. Dei private barnehagane deltek på felles leiar-/og styrarmøter i kommunen.