Kløve barnehage

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kløve barnehage ligg  ca 10 km frå Vangen, i lokala til tidlegare Kløve skule. Barnehageåret 2016/2017 har me 24 barn. Bygget er oppført i 1982, og har no blitt pussa opp i høve overgang frå skule til barnehage. Det har mange, store og lyse rom som gjev høve for kreativitet og aktiv leik. Gymsalen vert nytta, der har me både scene og klatrevegg. Me har ein stor flott uteplass som gjev varierte leikemoglegheiter. Rett utanfor gjerdet har me ein fantastisk flott natur som me boltrar oss mykje i.

 

 

 

 

 

 

Kløve barnehage: 56515201 raundalen-kyte.barnehage@voss.kommune.no
Mobil: 48014588 Raundalsvegen 360
Styrar: 91874232 5706 VOSS

 

 

 

 

 

 

 

Pedagogisk tilbod

Det pedagogiske arbeidet i barnehagen vert synleggjort gjennom årsplanen. Planen er tufta på lov om barnehagar med føreskrifter, m.a. Rammeplan for barnehagar 2011. Kløve barnehage er ein Zero-barnehage. Me har fokus på å bidra til at barna utviklar empati, god leik og samhandling. I arbeidet vårt set me barna og deira behov og innspel i sentrum. Me er mykje ute gjennom heile året, og har naturen som ein flott leikeplass i nærleiken. Barnehagen er med i prosjektet «Den gode barnehagen». Zero er også ein del av prosjektet.  

Visjon

Kløve barnehage skal vera ein trygg og god stad å vera og læra. I barnehagen vår har me trygge og glade barn som kvar dag får utfalda seg i gode omgjevnadar både ute og inne. Engasjerte vaksne har fokus på kvart einskild barn og gruppa som heilskap.  

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid 45 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

 

Fann du det du leita etter?