Klausabakken barnehage

Klikk for stort bilete

Klausabakken barnehage starta op i nye lokale 1.8.2017.

Klausabakken barnehage er organisert med 4 storgrupper. Organisering av storgruppene er ulikt frå gruppe til gruppe. Tal barn varierer frå 30 - 35 born, utifrå alder på barna. Tilsaman har me 128 plassar. Gruppene har navna Bjørk, Rogn, Osp og Selja. Me har 30 årsverk og er 40 tilsette.

Barnehagen er ein barnehage som ligg i gåavstand til sentrum. Barnehagen nytter seg av turmoglegheitene i nærområdet.

Pedagogisk tilbod

  • Sjå kvar og ein
  • Arbeider med relasjonar
  • Fleirkulturell barnehage
  • ZERO-barnehage
  • Nyttar PMTO, foreldrerettleiings program

Målet me arbeider etter: Klausabakken barnehage er ein lærande arena for sosial kompetanse, språk, leik, meistring og medverknad.

  • Den enkelte sine behov skal stå i sentrum i alt arbeidet me gjer, me skal våga å vera individuelle. Alle skal bli tatt med utifrå sin ståstad. Barnehagen skal bidra til å styrka den enkelte si sjølvkjensle, toleranse og respekt
  • Samtidig som me har borna og den enkelte sine behov i sentrum, er det viktig for oss å vera ein barnehage som legg vekt på at alle får oppleva å høyre til i eit fellesskapet.
  • Omsorg, leik, læring og sosial kompetanse er grunnleggande kompetanse som er viktig for å oppnå tryggleik i barnehagen. Samtidig er det viktig å få med seg erfaringar med mangfald.
  • Kulturelt mangfald er ein styrke både for store og små. Born, foreldre og personale med ulik bakgrunn, skal gi oss større toleranse for kvarandre.

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid  52,5 timar pr. veke. Ope frå 06.30-17.00

Heil plass, 42, 5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke: måndag/onsdag og annakvar fredag, eller tysdag/torsdag og annakvar fredag

Barnehagen har 128 plassar.

Kontakt barnehagen

Styrar Åse Ringheim Svane: 5652 1351/918 74 208

Lundhaugen.barnehage@voss.kommune.no

Ass.styrar Tove Barrikmo :   5652 1352/996 94 633

Besøksadresse: Sverresbakken 10

Ass.styrar Sølvi Løne:           952 70 301

5704 VOSS

Bjørk:        952 62 068 / 952 62 092

 

Rogn:        992 19 249 / 992 19 248

 

Osp:          952 62 009 / 952 62 012

 

Selja:         952 62 087 / 979 97 134