Hauge barnehage

Klikk for stort bilete        

Hauge barnehage ligg i Haugsvik om lag 3 mil frå Voss sentrum i retning mot Sogn. Barnehagen har 16 born i alderen 1-5 år, og 5 tilsette.  Barnehagen ligg i landlege omgivnader med flotte turområde i nærleiken, t.d. Kongevegen og Oppheimsvatnet

Kontakt barnehagen

Kontor: 56 52 00 32 Hauge.barnehage@voss.kommune.no
Styrar: 91 12 27 72 Haugsvikvegen 54
  5713 Vossestrand

Pedagogisk tilbod

  • Ein avdelingsbarnehage med born i alderen 1-5 år
  • Fokus på kultur og tradisjon, bruk av nærområde
  • Fysisk aktivitet

Visjon

Å vera i Hauge barnehage, skal vera trygt og godt. Me er ein barnehage som har fokus på å bruka nærområde vårt, både sommar og vinter, turar både på beina, ski og akebrett. Me brukar nærmiljøanlegget som inneheld fotballbane og skiløype. Me er også opptatt av å formidla og gjera kjent dikt, songar, rim og eventyr som har ei lokal forankring.  

Tilbod

1 - 5 år. Heil og halv plass

Frå 15.8.18 - 5 dagar i veka - 45 timar pr veke

Barnehagen har 18 plassar.