Hagahaugen/Lundhaugen barnehage

Klikk for stort bilete

 

Frå 1.8. 2106 er Hagahaugen og Lundhaugen barnehage slått i hop til ei eining med felles leiing. Dei vil frå hausten 2017 flytte inn i ny felles barnehage, Klausabakken barnehage.

Lundhaugen barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage i sentrum, med 76 born og 23 tilsette. Me er fordelt på to bygg. Barnehagen nytter seg av tur-moglegheitene i nærområdet.

 

 

Kontakt barnehagen

 

Kontor: 5652 1350 Lundhaugen.barnehage@voss.kommune.no
Styrar: 5652 1351/918 74 208 Ringheimsvegen 23
Ass. styrar: 5652 1352/480 14 549 5704 VOSS
Avd.Bikuba:       952 62 092  
Avd.Grashoppa: 952 62 012  
Avd. Maurtua:    952 62 068  
Avd Marihøna:   952 62 009  

 

Pedagogisk tilbod

  • Sjå kvar og ein
  • Fleirkulturell barnehage
  • Nyttar PMTO
  • ZERO-barnehage
  • Eige opplegg for dei eldste

Visjon

Vårt satsingsområde er Den gode barnehagen.

Den enkelte sine behov skal stå i sentrum i alt arbeidet me gjer, me skal våga å vera individuelle. Alle skal bli tatt med utifrå sin ståstad. Barnehagen skal bidra til å styrka den enkelte si sjølvkjensle, toleranse og respekt.

 

Utviklingsmål i eit 3-5 års tidsperspektiv:

 

o   Samtidig som me har borna og den enkelte sine behov i sentrum, er det viktig for oss å vera ein barnehage som legg vekt på at alle får oppleva å høyre til i eit fellesskapet.

 

o   Omsorg, leik, læring og sosial kompetanse er grunnleggande kompetanse som er viktig for å oppnå tryggleik i barnehagen. Samtidig er det viktig å få med seg erfaringar med mangfald. Når ulikheiter blomstrar i eit miljø der det er trygt og godt for alle å vera, vil det vera med å styra alle som deltek.

 

o   Kulturelt mangfald er ein styrke både for store og små. Born, foreldre og personale med ulik bakgrunn, skal gi oss større toleranse for kvarandre.

 

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid  50 timar pr. veke.

Heil plass, 42, 5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 76 plassar.