Gjernes barnehage

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnehagen ligg mellom bustadfeltet og skulen på Gjernes, med Gjernesmoen som næraste nabo. Her har me halde til sidan 1978. Me er ein to-avdelings barnehage i skogkanten, der latteren sit laust og borna liker seg ute. God kontakt og samarbeid med foreldra er ein viktig del av arbeidet vårt i barnehagen.

Me brukar Gjernesmoen heile året til turar, bærplukking og leik og utforsking. I sommarhalvåret helsar me på dyr på beite og ender ved Tintrabrua. Om vinteren akar me og går på ski i barnehagen og på Andreshaugen og flatane rundt.

Me har god kontakt med skulen, der me får bruka gym-sal og skuleplass. I vårhalvåret har 6-åringane fleire samvær med 1.og 5. klasse for å gje borna ein god skulestart.

Me har ein personalgruppe med 10 tilsette, der 2 er mannlege. 

Avdeling Hare har 14 born mellom 1-3 år. Der arbeider det 2 barnehagelærarar og to assistentar, pluss ein barnahgelærar i støtteressurs på 50%.

Avdeling Ekorn har 18 born mellom 3-6 år. Der arbeider det 2 barnehagelærarar og ein assistent.

Me har opningstid mellom 0715-1630.
 

Kontaktinformasjon:

Styrer: Tor-Einar Wahl

tor-einar.wahl@voss.kommune.no 

Telefon: 90825233  

Avdeling Ekorn: Telefon: 97997171
Avdeling Hare: Telefon: 91874205
   

   

     

Pedagogisk tilbod

 

I Gjernes barnehage ynskjer me at borna skal lære gjennom erfaring og undring. Borna skal oppleva trygge omsorgspersonar som legg til rette for mestring og utforskarlyst. Mer arebider etter den nye rammeplanen som kom 1.august 2017.

Me er med i Voss kommune sitt utviklingsprosjekt «Den gode barnehage», og som ein del av dette brukar me Zero-programmet for å veilede borna til gode samhandlings-mønster og hindra utvikling av mobbeåtferd.

I 2019 har med to satsingsområde som me sett ekstra fokus på:

- Vennskap og fellesskap

- Mat, Helse og kosthald

Ynskjer du meir info om korleis me arbeider? Kom innom for ein prat, og få med barnehagens årsplan på veg heim(ring gjerne styrar for ein avtale om tidspunkt).

Barnehagens årsplan kan dere lese her:


 

Visjonen vår er:

Kvar dag – gode opplevingar  – i samspel med andre, slik at borna blir sjølvstendige og trygge på seg sjølve som individ, og på den lokale og kulturelle identiteten sin.

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid 45 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 32 plassar.

Fann du det du leita etter?