Barnehage-zero - førebygging av mobbing

Klikk for stort bilete

 

 

Kommunale og private barnehagar i Voss kommune er i gang med Barnehage-Zero. Målet er å førebygga mobbing og gi tidleg støtte til sosialt sårbare barn. Ved å byggja kompetanse hjå dei tilsette, skal alle dei vaksne i barnehagane bli merksame på barn som treng støtte. Barnehage-Zero handlar om positiv leiing av barn. Små barn er lettare å leia inn i positiv samhandling, og slik kan tidleg innsats ha mykje å seia for førebygging av mobbing.

Hovudpunkt i Barnehage-Zero:

  • Identifisere sosialt sårbare barn
  • Dialog med foreldre
  • Observasjon som metode
  • Kollegarettleiing
  • Leiing av enkeltbarn

 

 

Fann du det du leita etter?