Barnehagar på Voss
Publisert 28.10.2014
Bjørgamarka barnehage

Bjørgamarka barnehage ligg ved innkøyringa til byggefelta i Bjørgamarka. Barnehagen har fire avdelingar med til saman 57 born og 16 tilsette. Avdelingane er: Blåbær for 1-3 åringar, Myrull og Røsslyng for 2-5 åringar og Villmarksgruppa for 4-5 åringar. Villmarksgruppa har utebase nokre km frå barnehagen.

 

Kontakt oss

 

Kontor: 56 51 14 92 bjorgamarka.barnehage@voss.kommune.no
Styrar: 91 87 42 23 Tjørnateigen 13
  5709 VOSS

       

     

Pedagogisk tilbod

Sosial kompetanse gjennom systematisk arbeid med Zero og fokus på vaksenrolla i leik og samhandling med barna.

Visjon

Visjonen vår er at barnehagen skal vera ein trygg, triveleg og utviklande stad for alle.  

Tilbod

1 - 5 år.

Utegruppe for alderen 4-5 år.

Opningstid 47,5 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 64 plassar. 12 av desse er i utegruppe.

Publisert 28.10.2014

       

Hauge barnehage ligg i Haugsvik om lag 3 mil frå Voss sentrum i retning mot Sogn. Barnehagen har 16 born i alderen 1-5 år, og 5 tilsette.  Barnehagen ligg i landlege omgivnader med flotte turområde i nærleiken, t.d. Kongevegen og Oppheimsvatnet

Kontakt barnehagen

Kontor: 56 52 00 32 Hauge.barnehage@voss.kommune.no
Styrar: 91 12 27 72 Haugsvikvegen 54
  5713 Vossestrand

Pedagogisk tilbod

  • Ein avdelingsbarnehage med born i alderen 1-5 år
  • Fokus på kultur og tradisjon, bruk av nærområde
  • Fysisk aktivitet

Visjon

Å vera i Hauge barnehage, skal vera trygt og godt. Me er ein barnehage som har fokus på å bruka nærområde vårt, både sommar og vinter, turar både på beina, ski og akebrett. Me brukar nærmiljøanlegget som inneheld fotballbane og skiløype. Me er også opptatt av å formidla og gjera kjent dikt, songar, rim og eventyr som har ei lokal forankring.  

Tilbod

1 - 5 år. Heil og halv plass

Frå 15.8.18 - 5 dagar i veka - 45 timar pr veke

Barnehagen har 18 plassar.

Publisert 28.10.2014

Frå 1.8. 2106 er Hagahaugen og Lundhaugen barnehage slått i hop til ei eining med felles leiing. Dei vil frå hausten 2017 flytte inn i ny felles barnehage, Klausabakken barnehage.

Hagahaugen barnehage er ein midlertidig kommunal barnehage som heldt til i fyrste etasje i Hagahaugen rehabiliteringssenter. Barnehagen har pr i dag 55 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen har opningstid frå 06.30 til 17.00.

Kontakt barnehagen

 

Åse Ringheim Svane, styrar,: 91874208

hagahaugen.barnehage@voss.kommune.no

Sølvi Løne, Ass.Styrar: 97997094

Hagahaugvegen 30

Grøn, Blå og Gul avd: 95262087

5710 Skulestadmo

Orange og Raud: 97997133

 

 

 

   

     

Pedagogisk tilbod

  • Fokus på barn si sjølvkjensle og meistring
  • Variert pedagogisk innhald tilpassa dei ulike aldersgruppene.
  • Uteaktivitetar

 

Visjon

«På toppen av Voss!» Me ynskjer å setja borna i sentrum. Me ynskjer å ha nøgde brukarar og vera ein barnehage i utvikling. Me skal ha høg pedagogisk kvalitet på arbeidet, og tydlege etiske retningsliner for personalet. Me skal gje born og personale tid til kvardagsaktivitetar utan å heile tida bli styrt av klokka. Hagahaugen barnehage har eit fantastisk nærområde med granskog, beitemark og gardsdrift. Me ynskjer å bruka dette nærområdet, og slik styrkja kunnskapen og tilknytinga til naturen og nærområdet.  

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid 52,5 timar pr. veke

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 52 plassar.