Barnehagar på Voss
Publisert 25.04.2018
Gjernes barnehage vinter

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnehagen ligg mellom bustadfeltet og skulen på Gjernes, med Gjernesmoen som næraste nabo. Her har me halde til sidan 1978. Me er ein to-avdelings barnehage i skogkanten, der latteren sit laust og borna liker seg ute. God kontakt og samarbeid med foreldra er ein viktig del av arbeidet vårt i barnehagen.

Me brukar Gjernesmoen heile året til turar, bærplukking og leik og utforsking. I sommarhalvåret helsar me på dyr på beite og ender ved Tintrabrua. Om vinteren akar me og går på ski i barnehagen og på Andreshaugen og flatane rundt.

Me har god kontakt med skulen, der me får bruka gym-sal og skuleplass. I vårhalvåret har 6-åringane fleire samvær med 1.og 5. klasse for å gje borna ein god skulestart.

Me har ein personalgruppe med 10 tilsette, der 2 er mannlege. 

Avdeling Hare har 14 born mellom 1-3 år. Der arbeider det 2 barnehagelærarar og to assistentar, pluss ein barnahgelærar i støtteressurs på 50%.

Avdeling Ekorn har 18 born mellom 3-6 år. Der arbeider det 2 barnehagelærarar og ein assistent. Me har opningstid mellom 0715-1630.
 

Kontaktinformasjon:

Styrer: Tor-Einar Wahl

tor-einar.wahl@voss.kommune.no 

Telefon: 90825233  

Avdeling Ekorn: Telefon: 97997171
Avdeling Hare: Telefon: 91874205
   

   

     

Pedagogisk tilbod

 

I Gjernes barnehage ynskjer me at borna skal lære gjennom erfaring og undring. Borna skal oppleva trygge omsorgspersonar som legg til rette for mestring og utforskarlyst. Mer arebider etter den nye rammeplanen som kom 1.august 2017.

Me er med i Voss kommune sitt utviklingsprosjekt «Den gode barnehage», og som ein del av dette brukar me Zero-programmet for å veilede borna til gode samhandlings-mønster og hindra utvikling av mobbeåtferd.

I 2018 har med to satsingsområde som me sett ekstra fokus på:

- Vennskap og fellesskap

- Mat, Helse og kosthald

Ynskjer du meir info om korleis me arbeider? Kom innom for ein prat, og få med barnehagens årsplan på veg heim(ring gjerne styrar for ein avtale om tidspunkt).
 

Visjonen vår er:

Kvar dag – gode opplevingar  – i samspel med andre, slik at borna blir sjølvstendige og trygge på seg sjølve som individ, og på den lokale og kulturelle identiteten sin.

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid 45 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 32 plassar.

Publisert 17.10.2017
Klausabakken.jpg

Klausabakken barnehage starta op i nye lokale 1.8.2017.

Klausabakken barnehage er organisert med 4 storgrupper. Organisering av storgruppene er ulikt frå gruppe til gruppe. Tal barn varierer frå 30 - 35 born, utifrå alder på barna. Tilsaman har me 128 plassar. Gruppene har navna Bjørk, Rogn, Osp og Selja. Me har 30 årsverk og er 40 tilsette.

Barnehagen er ein barnehage som ligg i gåavstand til sentrum. Barnehagen nytter seg av turmoglegheitene i nærområdet.

Pedagogisk tilbod

  • Sjå kvar og ein
  • Arbeider med relasjonar
  • Fleirkulturell barnehage
  • ZERO-barnehage
  • Nyttar PMTO, foreldrerettleiings program

Målet me arbeider etter: Klausabakken barnehage er ein lærande arena for sosial kompetanse, språk, leik, meistring og medverknad.

  • Den enkelte sine behov skal stå i sentrum i alt arbeidet me gjer, me skal våga å vera individuelle. Alle skal bli tatt med utifrå sin ståstad. Barnehagen skal bidra til å styrka den enkelte si sjølvkjensle, toleranse og respekt
  • Samtidig som me har borna og den enkelte sine behov i sentrum, er det viktig for oss å vera ein barnehage som legg vekt på at alle får oppleva å høyre til i eit fellesskapet.
  • Omsorg, leik, læring og sosial kompetanse er grunnleggande kompetanse som er viktig for å oppnå tryggleik i barnehagen. Samtidig er det viktig å få med seg erfaringar med mangfald.
  • Kulturelt mangfald er ein styrke både for store og små. Born, foreldre og personale med ulik bakgrunn, skal gi oss større toleranse for kvarandre.

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid  52,5 timar pr. veke. Ope frå 06.30-17.00

Heil plass, 42, 5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke: måndag/onsdag og annakvar fredag, eller tysdag/torsdag og annakvar fredag

Barnehagen har 128 plassar.

Kontakt barnehagen

Styrar Åse Ringheim Svane: 5652 1351/918 74 208

Lundhaugen.barnehage@voss.kommune.no

Ass.styrar Tove Barrikmo :   5652 1352/996 94 633

Besøksadresse: Sverresbakken 10

Ass.styrar Sølvi Løne:           952 70 301

5704 VOSS

Bjørk:        952 62 068 / 952 62 092

 

Rogn:        992 19 249 / 992 19 248

 

Osp:          952 62 009 / 952 62 012

 

Selja:         952 62 087 / 979 97 134

 
Publisert 11.11.2016
Kløve/Palmafossen_2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kløve barnehage ligg  ca 10 km frå Vangen, i lokala til tidlegare Kløve skule. Barnehageåret 2016/2017 har me 24 barn. Bygget er oppført i 1982, og har no blitt pussa opp i høve overgang frå skule til barnehage. Det har mange, store og lyse rom som gjev høve for kreativitet og aktiv leik. Gymsalen vert nytta, der har me både scene og klatrevegg. Me har ein stor flott uteplass som gjev varierte leikemoglegheiter. Rett utanfor gjerdet har me ein fantastisk flott natur som me boltrar oss mykje i.

 

 

 

 

 

 

Kløve barnehage: 56515201 raundalen-kyte.barnehage@voss.kommune.no
Mobil: 48014588 Raundalsvegen 360
Styrar: 91874232 5706 VOSS

 

 

 

 

 

 

 

Pedagogisk tilbod

Det pedagogiske arbeidet i barnehagen vert synleggjort gjennom årsplanen. Planen er tufta på lov om barnehagar med føreskrifter, m.a. Rammeplan for barnehagar 2011. Kløve barnehage er ein Zero-barnehage. Me har fokus på å bidra til at barna utviklar empati, god leik og samhandling. I arbeidet vårt set me barna og deira behov og innspel i sentrum. Me er mykje ute gjennom heile året, og har naturen som ein flott leikeplass i nærleiken. Barnehagen er med i prosjektet «Den gode barnehagen». Zero er også ein del av prosjektet.  

Visjon

Kløve barnehage skal vera ein trygg og god stad å vera og læra. I barnehagen vår har me trygge og glade barn som kvar dag får utfalda seg i gode omgjevnadar både ute og inne. Engasjerte vaksne har fokus på kvart einskild barn og gruppa som heilskap.  

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid 45 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

 

Publisert 20.10.2015
Lundhaugen barnehage 2

 

Frå 1.8. 2106 er Hagahaugen og Lundhaugen barnehage slått i hop til ei eining med felles leiing. Dei vil frå hausten 2017 flytte inn i ny felles barnehage, Klausabakken barnehage.

Lundhaugen barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage i sentrum, med 76 born og 23 tilsette. Me er fordelt på to bygg. Barnehagen nytter seg av tur-moglegheitene i nærområdet.

 

 

Kontakt barnehagen

 

Kontor: 5652 1350 Lundhaugen.barnehage@voss.kommune.no
Styrar: 5652 1351/918 74 208 Ringheimsvegen 23
Ass. styrar: 5652 1352/480 14 549 5704 VOSS
Avd.Bikuba:       952 62 092  
Avd.Grashoppa: 952 62 012  
Avd. Maurtua:    952 62 068  
Avd Marihøna:   952 62 009  

 

Pedagogisk tilbod

  • Sjå kvar og ein
  • Fleirkulturell barnehage
  • Nyttar PMTO
  • ZERO-barnehage
  • Eige opplegg for dei eldste

Visjon

Vårt satsingsområde er Den gode barnehagen.

Den enkelte sine behov skal stå i sentrum i alt arbeidet me gjer, me skal våga å vera individuelle. Alle skal bli tatt med utifrå sin ståstad. Barnehagen skal bidra til å styrka den enkelte si sjølvkjensle, toleranse og respekt.

 

Utviklingsmål i eit 3-5 års tidsperspektiv:

 

o   Samtidig som me har borna og den enkelte sine behov i sentrum, er det viktig for oss å vera ein barnehage som legg vekt på at alle får oppleva å høyre til i eit fellesskapet.

 

o   Omsorg, leik, læring og sosial kompetanse er grunnleggande kompetanse som er viktig for å oppnå tryggleik i barnehagen. Samtidig er det viktig å få med seg erfaringar med mangfald. Når ulikheiter blomstrar i eit miljø der det er trygt og godt for alle å vera, vil det vera med å styra alle som deltek.

 

o   Kulturelt mangfald er ein styrke både for store og små. Born, foreldre og personale med ulik bakgrunn, skal gi oss større toleranse for kvarandre.

 

Tilbod

1 - 5 år.

Opningstid  50 timar pr. veke.

Heil plass, 42, 5 timar pr. veke inntil 8,5 timar pr. dag.

Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

Barnehagen har 76 plassar.

Publisert 17.03.2015

Voss kommune har 8 kommunale barnehagar med ulik storleik. Nokon er små 1 avdelingsbarnehagar, medan andre er store sentrumsbarnehagar med 4-5 avdelingar. Alle barnehagane arbeidar med utviklingsarbeidet "Den gode barnehagen" og med barnehage-zero. 

Publisert 27.11.2014

I Opplæringslova § 5 – 7 heiter det:
” Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skular, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.”



 

 

Publisert 25.11.2014
Zero

 

 

Kommunale og private barnehagar i Voss kommune er i gang med Barnehage-Zero. Målet er å førebygga mobbing og gi tidleg støtte til sosialt sårbare barn. Ved å byggja kompetanse hjå dei tilsette, skal alle dei vaksne i barnehagane bli merksame på barn som treng støtte. Barnehage-Zero handlar om positiv leiing av barn. Små barn er lettare å leia inn i positiv samhandling, og slik kan tidleg innsats ha mykje å seia for førebygging av mobbing.

Hovudpunkt i Barnehage-Zero:

  • Identifisere sosialt sårbare barn
  • Dialog med foreldre
  • Observasjon som metode
  • Kollegarettleiing
  • Leiing av enkeltbarn

 

 

Publisert 09.11.2014
Vinterleik

       

I Voss kommune er det 8 private barnehagar. I tillegg er det ein open barnehage i Vonheim 3 dagar i veka. Dei private barnehagane er ulike i størrelse og eigarform, nokre er einavdelingsbarnehagar og nokre er store med tre eller fire avdelingar. Dei private barnehagane er med på samordna opptak i kommunen. I Voss kommune arbeidar alle barnehagane, både private og kommunale, med barnehage-Zero. Me er òg i gang med utviklingsarbeidet «Den gode barnehage», og seks av barnehagane deltek i det. Dei to andre er i gang med eigne utviklingsarbeid initiert av eigarane. Dei private barnehagane deltek på felles leiar-/og styrarmøter i kommunen.  

Publisert 28.10.2014


 

 

Tilbod

0 - 5 år

Opningstid 48 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke.

4 dagar.

3 dagar.

Ingen tidsgrense i opningstida.

Barnehagen har 54 plassar.

Publisert 28.10.2014
Skulestad barnehage

     

Barnehagen har fire avdelingar og 76 plassar.    

Tilbod

0 - 5 år

Opningstid 52,5 timar pr. veke.

Heil plass, 42,5 timar pr. veke.

 Halv plass, 21,5 timar pr. veke, 2 faste dagar ei veke - 3 faste dagar neste veke.

4 dagar.

3 dagar.

2 dagar.

Ingen tidsgrense innan opningstida.

Barnehagen har 76 plassar

Fann du det du leita etter?