Tilskuddsportalen

  Tilskuddsportalen gjer det lettare for organisasjonane å finna pengar!

Frivillige organisasjonar og foreiningar i Voss kommune har no fått eit nytt verktøy for å finna fram til støtte- og tilskotsordningar. Voss kommune tilbyr no frivillige organisasjonar i kommunen tilgang til Tilskuddsportalen.

 

Enkelt å bruka

Tilskuddsportalen er enkel å bruka og lett å finna fram i. Inne i portalen kan ein
  • få ei fullstendig oversikt over tilskotsordningar etter tema
  • søka etter tilskotsordningar
  • lesa nyhende om tilskot følgja med på komande søknadsfristar i kalendaren

 

 

Organisasjonsnummer er nødvendig

Ein føresetnad for å nytta Tilskotsportalen er altså at organisasjonen eller foreininga har eit organisasjonsnummer. Dette får ein gjennom registrering i Frivillighetsregisteret. Sjå meir informasjon om dette her
 
Publisert av Silje Stubø Solstad. Sist endra 16.02.2016