Prisar og stipend

Highland-staupet

Highland-staupet vert gjeve til den idrettsmann eller -kvinne som ved avslutta sesong har synt best prestasjonar på ski. Ved vurderinga av "prestasjon" i denne samanheng skal det takast omsyn til den samla innsatsen som ligg til grunn for prestasjonen, og til særlege tilhøve då prestasjonen vart utført. Personen må vera medlem i eit idrettslag på Voss. Staupet vert utlyst kvart år, slik at ålmenta kan koma med grunngjevne framlegg til kandidatar. Miljø- og kulturutvalet gjer vedtak om tildeling etter fråsegn frå Voss idrottsråd.
 
For meir informasjon, sjå statuttane for Highland-staupet.
 

Kommunalt kultur- og idrettsstipend

Voss kommune deler kvart år ut stipend til einskildpersonar eller grupper innan kultur- og idrettslivet. Stipendet kan delast ut til einskildpersonar eller grupper som er inne i ei verdifull etablerings- eller utviklingsfase. Stipendet vert lyst ut med oppgjeven søknadsfrist kvart år. Miljø- og kulturutvalet gjer vedtak om tildeling etter framlegg frå idrottsrådet og kulturrådet. Storleiken på stipenda vert avgjort av disponible budsjettmidlar, og stipend kan òg delast mellom fleire.
 
 
For meir informasjon, sjå retningslinjene for stipendet.   
 
Publisert av Silje Stubø Solstad. Sist endra 05.01.2016