Lokale tilskotsordningar

Klikk for stort bilete Ingerid Jordal

Kommunen gjev lokale kulturtilskot vår og haust. No er det også mogeleg å søkja tilskot til realisering av mål og tiltak i Voss kommune sin kulturplan. 

Kommunale kulturmidlar, vår - søknadsfrist 1. mars 

På våren kan ein søkja  kommunale kulturmidlar til realisering av tiltak i kulturplan, born og unge, song og musikk, festivalar og anna kulturarbeid.  

Tilskot av kulturmidlane kan gjevast til:

  • Vanleg lagsdrift
  • Nye tiltak
  • Tidsavgrensa Prosjekt
  • Leiaropplæring

Kommunale kulturmidlar,haust - søknadsfrist 1. oktober

På hausten kan ein søkja midlar til:  realisering av tiltak i kulturplan, born og unge, anna kulturarbeid,kulturminnevern og kulturbygg.

Tilskot kan gjevast til:

  • Vanleg lagsdrift  
  • Tidsavgrensa prosjekt
  • Bygningsvern og anna kulturminnevern 
  • Påkostnad/vedlikehald av lokale kulturhus

 

Søknader som er knytt opp til punkt i Kulturplan for Voss kommune vert prioriterte.

Publisert av Silje Stubø Solstad. Sist endra 22.02.2017
Fann du det du leita etter?