Folkehelse

Kommunen har ein eigen folkehelsekoordinator som jobbar på tvers av avdelingar for å fremja og koordinera helse for innbyggjarane i Voss kommune. Helsefremjande samfunnsutvikling krev systematisk og langsiktig samarbeid. Gjennom å leggja omgjevnadane til rette, kan innbyggjarane lettare velja dei gode helsefremjande vala.

Fysisk aktivitet er eit viktig verkemiddel i høve å førebyggja både psykisk og kroppsleg sjukdom. Natur og kultur kan vera nyttige reiskapar i folkehelsearbeidet. Tilrettelegging slik at aktivitet vert ein naturleg del av kvardagen vil bidra positivt i høve folkehelsa. Fysisk inaktivitet er i ferd med å verta eit av framtida sine største helseproblem. Kvardagsaktiviteten er viktig!  

Folkehelsekoordinator er Nils Helge F. Kvamme. Han treff du anten på e-post, eller på telefonummer 452 70 261

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 12.02.2018
Fann du det du leita etter?