Informasjon om koordinerande eining, individuell plan og koordinator

 

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

 

Koordinerande eining skal vere eit kontaktpunkt for samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Eininga skal og sørge for at tenestene til deg som brukar vert sett i samanheng, og at det er kontinuitet i dei ulike tiltaka du tek i mot. Det er eit mål at dei som yter tenester til brukarane, skal samarbeide om korleis tenestene vert planlagd og organisert. I tillegg skal det leggjast til rette for at du som brukar får medverke i denne planlegginga. Det er den koordinerande eininga som har ansvar for at dette vert gjort.

 

 

Individuell plan og koordinator

 

Om du som brukar har behov for langvarige og koordinerte sosial- og/eller helsetenester har du rett til ein individuell plan og ein koordinator, om du ynskjer dette.

 

Ein individuell plan er eit skriftleg dokument og eit verktøy for samarbeid mellom deg som tenestemottakar og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Den individuelle planen skal sikre at det til ein kvar tid er ein tenestytar som har hovudansvaret for oppfølginga av deg som brukar. Brukar har sjølv rett til å medverke i planarbeidet, og ordninga består mellom anna av ein kartlegging av dine ressursar, mogelegheiter og behov.

 

For brukarar som har behov for langvarige og koordinerte tenester skal kommunen tilby koordinator uavhengig om vedkomande ynskjer individuell plan. Du som brukar har sjølv rett til å medverke i kven som vert din koordinator. Koordinator skal sørgje for naudsynt oppfølging, samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med ein eventuell individuell plan.

 

Les meir om individuell plan og koordinator på helsedirektoratet si nettstad her.

 

 

Kan du klage?

 

Tilsegn, samtykkje eller avslag på individuell plan vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Du kan likevel klage på avslag om individuell plan etter lova om brukar- og pasientrettar § 7-2.

 

Avgjerd om oppnemning av koordinator vert heller ikkje rekna som enkeltvedtak. Retten til å klage etter lova om brukar- og pasientrettar omfattar ikkje oppnemning av koordinator.

 

Forskrift om individuell plan og koordinator er heimla i helselovgivinga som trådde i krafta 1. januar 2012. Rett til individuell plan følgjer elles også NAV-lova frå 2006, lov om sosiale tenester i NAV frå 2009 og barnevern lova. Avklaringane om klagerett ved individuell plan og koordinator kjem fram av brev frå Helse- og omsorgsdepartementet til Nettverk av koordinerande einingar i storbykommunane 31.01.2012, og til Fylkesmannen i Vestfold 22.03.2012.

 

 

Melding til koordinerande eining

 

Både brukaren sjølv, pårørande eller fagfolk kan ta kontakt. Om du har spørsmål om habilitering og rehabilitering, eller ynskjer ein koordinator og/ eller individuell plan, ta kontakt med koordinerande eining.

Kontakt Koordinerande eining, telefon 56521300/04, eller bruk skjemaet Melding om behov for koordinator og/eller individuell plan. (PDF, 94 kB)