Vil du verta støttekontakt eller treningskontakt?

 

Kva er støttekontakt?
 

Støttekontakt/treningskontakt er eit tilbod  til personar som treng hjelp for  å ha ei  aktiv fritid eller koma ut av isolasjon. Støttekontakten tilbyr blant anna sosialt samvær , turar  og fylgje til ulike fritidsaktivitetar. Som treningskontakt kan ein vera ein treningspartnar for personar som har behov for dette. Fritidstilbodet skal baserast på den enkelte  brukar sine ynskjer, behov og føresetnader.

 

Mange har individuell støttekontakt, medan andre har gruppeaktivitetar - kanskje i samarbeid med frivillige organisasjonar.  Det vert arbeidd med  nye gruppetilbod og tiltak  tilrettelagt til  den enkelte sine  behov.

 

Ein støttekontakt må ha høve til å gje litt av si tid, vera trygg på seg sjølv, fleksibel og ha gode evne til samarbeid. Støttekontakten må kunne halde avtalar, setje grenser og vere profesjonell i høve til rolla si. Støttekontakten skal vera ein god rollemodell og  fylgja  reglar og lover. Alkohol og andre rusmiddel skal ikkje nyttast når ein er på oppdrag.

 

Målgruppe

 

Personar som ynskjer å bidra til å gi andre menneske ei aktiv og meiningsfull fritid. Støttekontakten bør vera stabil, påliteleg, samarbeidsvillig og ha ei grunnleggjande respekt for andre menneske.

 

Hovudmålet til ein støttekontakt

 

Hovudmålet med støttekontakt er å gi den enkelte brukar hjelp til å nytte fritida på ein positiv og meiningsfull måte. Avhengig av brukarens behov, ønsker og interesser kan støttekontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggjar til fritidsaktivitetar eller andre menneske. Å vera støttekontakt inneber å vera medmenneske og vera positiv.

 

Kriterier/vilkår

 

For å bli støttekontakt må du ha fylt 18 år, vera påliteleg og vera trygg på deg sjølv. Det er ynskjeleg for den som treng støttekontakt at du kan vera støttekontakt over tid. Det er  ikkje krav om fagbakgrunn. Du kan få tilbod om opplæring før start og undervegs.

 

Støttekontakten må skriva under på skjema for teieplikt. Teieplikta inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlige  forhold rundt den du er støttekontakt/ treningskontakt for. Det er og eit krav om  politiattest for støttekontaktar som utfører oppdrag for mindreårige  eller utviklingshemma. (jfr. Lov om barneverntenester § 6–10, siste ledd og Lov om kommunale tenester for helse § 5-4). Søkjar har sjølv ansvar for å innhente politiattest etter at oppdragsavtale er signert.

 

Godtgjersle

 

Ein får godtgjersle med eit kronebeløp per time, i tillegg til utgiftsrefusjon og evt køyregodtgjersle i samsvar med retningsliner i Voss kommune.

 

Som støttekontakt i Voss kommune er ein oppdragstakar og ein har dermed ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar. Støttekontaktar er ikkje knytt opp mot ordning om tenestepensjon, men opptent godtgjersle vert meldt inn til Folketrygda.

 

Er du interessert?

 

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat for mogelege oppdrag.

Aktivitets- og støttekontaktkoordinator Elizabeth Bell.

Send e-post til: stottekontakt@voss.kommune.no, tlf: 48 01 45 73

(kontor på tinghuset)