Transporttenesta for røyrslehemma TT-kort

Transporttilbodet skal gjelda personar som er varig rørslehemma. Det skal motverka isolasjon og bidra til auka livskvalitet for rørslehemma.

I følgje reglement for fylket, er ordninga eit transporttilbod til personar som på grunn av rørslehemming har store vanskar med å nytta ordinære kollektive transportmidlar. Transporttilbodet skal gjelda personar som er varig rørslehemma. Ordninga skal bidra til at dei skal kunna leva eit så aktivt liv som mogeleg. Brukar mottek verdikupongar som berre er gyldige saman med brukarkortet. Brukar må i tillegg betala ein eigendel av transportkostnadene. Alle godkjende brukarar kan ha med seg ein ledsager gratis dersom brukar ikkje kan reisa åleine.

Kriterier for tildeling

  • Søkjar må ha bustadadresse i kommunen.
  • Søkjarar kan godkjennast ut frå varig fysisk eller psykisk rørslehemming. Med varig vert det meint minimum to år. Det skal vera ein direkte samanheng mellom den varige rørslehemminga og den manglande evna til å nytta seg av det ordinære kollektivtilbodet.
  • Søkjarar må ha eit individuelt transportbehov og vera i stand til å nytta seg av transporttilbodet.
  • Fylgjande rørslehemming kan gi grunnlag for godkjenning, når andre føresetnadar er oppfylt:
    • Blinde og sterkt svaksynte
    • Personar som er heilt avhengig av rullestol
    • Andre sterkt rørslehemma brukarar, etter særleg vurdering

Godkjenning kan verta gitt for eitt år og kan verta oppheva dersom ein TT–brukar ikkje lenger oppfyller godkjenningskriteria. Personar som er godkjend som TT-brukarar, men som ikkje nyttar seg av ordninga over tid, kan verta fjerna frå ordninga.  


Lovgrunnlag

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit tilbod frå Voss kommune/ Hordaland fylkeskommune.  


Praktiske opplysningar

  • Søknaden vert behandla av ei fylkeskommunal legenemnd ut i frå retningsliner gitt frå Hordaland fylkeskommune.
  • Skriftleg vedtak vert sendt ut frå tildelingskontoret.
  • Avslag på søknad vert sendt ut frå Hordaland fylkeskommune.
  • Ved utløpsdato på vedtaket må det sendast inn ny søknad.
  • Transporttenesta er eit fylkeskommunalt tilbod og den einskiilde kommune vert tildelt eit visst tal heimlar.
  • Retningslinjene er vedtekne av Hordaland fylkeskommune, medan Tildelingskontoret behandlar alle søknader i.h.t desse.
  • Brukarkort vert utsendt av Hordaland fylkeskommune.
  • Talet på godkjende brukarar er 3,4 % av folketalet i kommunen.

 

Kva må du gjera?

  • Gje oss nødvendige opplysningar for søknad
  • Gjer seg kjend med innhaldet i retningslinjene

 

Klage?

Klage på vedtak/avslag skal rettast til Hordaland fylkeskommune, og vert handsama som klage på einskild vedtak etter forvaltningslova § 28.  

Fann du det du leita etter?