Liahagen Aktivitetssenter

Dette er eit arbeids- og aktivitetsopplæringssenter for psykisk utviklingshemma i Voss kommune. Senteret er ein del av helse- og omsorgstenesta. I tillegg til direkte brukarretta tiltak, skal senteret med sin kompetanse, hjelpa og samarbeida med andre instansar samt gi råd og rettleiing slik at brukarane får eit best mogeleg tilbod.

 

Målsettinga er at senteret skal gi dei psykisk utviklingshemma i kommunen eit tilpassa arbeids- og aktivitetstilbod slik at:

  • dei trivst og vert i stand til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/aktivitet ut frå eigne føresetnadar
  • oppleva ein strukturert og meiningsfull kvardag
  • dei får styrka sin mogelegheit til å ta del i vedtak om eigen livssituasjon og framtid.
  • behovet for sosial deltaking vert ivareteke.
  • behov for fysisk aktivitet og sansestimulering vert ivareteke.

Dagaktivitetstilbod kan avlasta omsorgsytar og bidra til utsetjing av behov for opphald i institusjon. Tilbodet skal bidra til ein meiningsfylt kvardag.


Skildring av tilbodet

Hovudaktivitetane er ulike former for arbeid og aktivitet. Med dette som utgangspunkt skal det for kvar enkelt brukar lagast ein plan for eit tilpassa og tilrettelagt tilbod med utgangspunkt i den enkelte sitt behov, ynskje og utviklings-mogelegheiter.

Drifta vert basert på fylgjande oppgåver:

  1. Produksjons-, monterings-, og pakkeoppgåver.
  2. Arbeidsutplassering
  3. Individuell særtrening.

 

Publisert av Eldbjørg Lie Jørgensen. Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leita etter?