Avlasting i kommunal bustad eller privat heim

Menneske med nedsett funksjonsevne som bur heime kan få avlasting i eit tidsavgrensa tidsrom slik at dei som har den daglige omsorga kan få avlasting.

Omsorgsytar får avlasting slik at omsorga for den omsorgstrengande fortsatt kan takast hand om i heimen.

Kriterier for tildeling

  • Personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsbehovet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vera åleine heile eller delar av døgnet og gir avgrensa mogelegheit til ferie og fritid for omsorgsytar.
  • Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføra større behov for hjelp enn det som normalt er forventa i forhold til alder (dette gjelder spesielt barn).
  • Den omsorgstrengande må vera heimebuande eller midlertidig opphalde seg i kommunen.
  • Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov som i hovudsak vert teke hand om av privat omsorgsgjevar.

Lovgrunnlag

Avlastning er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav d.

I forhold til utviklingshemma er det viktig å understreka at avlasting er eit førebyggjande tiltak. Medan dagtilbodet for utviklingshemma er eit omsorgstiltak som omfattar både meistring/ trening og pleie.

Kva får du?

  • Avlasting kan givast i avlastingsbustad, privat bustad eller heime hos den omsorgstrengande.
  • Avlasting kan vera på dagtid, kveld eller natt.
  • Det vert gjeve tilpassa hjelp til den omsorgstrengande etter fagleg og individuell vurdering.
  • Det vert utarbeidd tiltaksplan for alle brukarar.
  • Avlasting vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsgjevar.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om avlasting i kommunal bustad eller privat heim.
  • Gir oss nødvendige opplysningar om omsorgsbehovet. Eventuell fullmakt til innhenting av nødvendige opplysningar slik at behov for hjelp vert ivareteke
  • Gjera deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Er sjølv ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som vert tekne med.
  • Pårørande/omsorgsytar må ta imot tilbod om tekniske hjelpemiddel.
  • Foreldra si omsorgsplikt overfor mindreårige barn skal medreknast før arbeidet kan vurderast å vera omfattande og særskilt tyngande.
  • Den som mottek avlasting må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som vert brukt dagleg.
  • Tenesta omfattar ikkje transport. Dette gjelder ikkje avlasting for funksjonshemma.

Kva koster det?

Det er inga eigenbetaling for avlastnng.

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.

 

Publisert av Eldbjørg Lie Jørgensen. Sist endra 30.03.2015