Aktivitetstilbod

Det er mange aktivitetstilbod du kan vera med på. 

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

  • Dansefoten er eit tilbod til menneske på Voss og omegn med nedsett funksjonsevne. Samlingane er lagt til Park Hotel, med eit godt måltid, hyggeleg prat, loddsal og dans. Dette er høgdepunktet i månaden for mange.
  • Supergruppa samlast kvar måndag på Voss kulturhus for å syngja saman. Dei opptrer jamleg i ulike selskap på Voss.
  • Inn på tunet er eit dagtilbod på ulike gardsbruk. Her får bebuarane kontakt med ulike husdyr. Garden er lagt til rette for rullestolar.
  • Nr1 Fitness har tilbod om tilrettelagt trim. Dette tilbodet er det fleire av bebuarane som nyttar seg av.
  • Voss fotballklubb har eit eige fotballag for funksjonshemma. Dei trenar ein gong i veka i sesongen, og deltek på cup konkurransar.
  • Andre aktivitetar: Til dagleg brukar fleire bebuarar området i nærmiljøet til turgåing, eller dei besøkjer vener og familie. Fleire har også støtte- eller treningskontakt. Desse aktivitetane er med og skapar ekstra glede og trivsel for våre brukarar og tilsette.   Dagsenteret har eit tett samarbeid med vaksenopplæringa, ergoterapeut og helsekoordinator.
Publisert av Eldbjørg Lie Jørgensen. Sist endra 05.12.2014