Voss Sjukeheim

Voss sjukeheim ligg ved sida av Voss sjukehus og har vakker utsikt over Vossevangen.

Saman med heimetenesta er det kalla Område Vest. Sjukeheimen er sett saman av tre avdelingar med plass til ca.87 pasientar. Det vert gjeve tilbod både til korttids- og langtidspasientar. Me har eit heilskapleg tilbod for menneske med demens gjennom ei nystarta utgreiingseining, og dagtilbod 3 dagar i veka.


Målsetjinga er at brukar og pårørande skal føla seg trygge og bli godt tekne vare på. Bebuarane sine interesser og behov er viktige. Me ynskjer at bebuar sine eigne ressursar skal brukast så lenge det er mogeleg.


Velferdstilbod

Bebuarar og dagpasientar samlast i aktivitetsstova ved Voss Sjukeheim fleire dagar i veka for å vera med på mange forskjellig aktivitetar. Døme på årsrelaterte aktivitetar kan vera å laga julepynt, påskepynt, fastelavnsris, planting av blomar og sylting. Me har òg populære aktivitetar som bingo, song, baking, toving, handarbeid og trearbeid. Gruppeaktivitetar som vert mykje brukt er trim, spaserturar, sitjedans, bowling og lesegrupper.


Frisøren og fotterapeut kjem til Voss sjukeheim jamleg. Bebuar betalar sjølv for frisørtenesta. Ein gong i veka kjem også presten til sjukeheimen for å halda andakt.
 
 

Kontaktinfo:

Besøksadresse: Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Tlf:                       56 52 15 00
 
 
Fann du det du leita etter?