Vetleflaten Omsorgssenter

Klikk for stort bilete Vetleflaten omsorgsenter ligg i gangavstand til Voss sentrum og vart teken i bruk i 2001. Senteret har fire avdelingar med plass til 66 pasientar. Saman med heimetenestene er det kalla Område Aust.

Lokala på Vetleflaten er fargerike og funksjonelle.  Delar av institusjonen er bygd etter bugruppeprinsippet med 8 menneske som bur i einerom og deler kjøkken og stove. Det er kun langtidsplassar. Ei av avdelingane er tilrettelagt for menneske med aldersdemens. Vetleflaten omsorgssenter har også omsorgsbustadar for fysisk og psykisk funksjonshemma. Her har me fast personale på dag og kveld, og om natta er bemanninga samkøyrd med personalet frå omsorgsssenteret.

 

Velferdstilbod ved Vetleflaten omsorgsenter

Me har også ei aktivitetsstove som vert mykje brukt. Der arbeider me med å fokusera på individuelle ressursar og legga til rette for at kvar enkelt skal få stimulert sansane sine og nytta evnene og funksjonane sine. Me har ofte besøk av artistar som held små konsertar for oss i fellesstova. Her kjem også presten og held andakt. Fotterapeut, frisør og tannpleiar er også tilgjengelege tenester på Vetleflaten Omsorgssenter einskilde dagar.

 

Kontaktinfo:

Adresse: Hardangervegen 49, 5705 Voss

Tlf:           56 53 12 00

 

 

Fann du det du leita etter?