Område Nord - Vossestrand omsorgtun

Område Nord femner om Vossestrand omsorgtun med 16 sjukeheimsplassar og 10 plassar i omsorgsbustader med full døgns teneste, 12 omsorgsbustader i nærleiken, heimesjukepleie og dagavdeling 2 dagar i veka.

Klikk for stort bilete Vossestrand Omsorgtun ligg vakkert til i Oppheimsvegen med utsikt over Oppheimsvatnet og naturen omkring. Asfalterte gangvegar rundt institusjonen gjev gode moglegheiter for turar for brukarar som må nytta rullator eller rullestol. Institusjonen er relativt ny, og stettar krav til kvalitet, helse, miljø og tryggleik. Alle naudsynte hjelpemiddel er tilgjengelege. Heimetenesta i Område Nord har ansvar i området frå Taulen Camping til grensene mot Vik og Aurland i Sogn.


Velferdstilbod – ved Vossestrand Omsorgtun

På Vossestrand Omsorgtun er det dagavdeling 3 dagar i veka på Storastovo. Den vert nytta både av heimebuande etter søknad, og av dei som bur på institusjonen. Her føregår mange aktivitetar som baking, strikking, hekling og hageaktivitetar i sommarhalvåret. Presten kjem på jamlege besøk, og det er ofte besøk av frivillige organisasjonar. Det er TV-overføring frå kyrkja på Oppheim ein sundag kvar månad. Frisør og fotterapeut kjem også med jamne mellomrom.

 

Kontaktinfo:

Adr: Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand

Tlf:  56 52 90 60

Fann du det du leita etter?