Oasen

Oasen er lågterskeltilbod for personar med psykiske lidingar, og det kan på eige initiativ takast kontakt med personalet for å få informasjon.

Målsetjinga er at dagsenteret skal tilby personar med psykiske lidingar ein møteplass der følgjande vert tilbydd:

  • individuelle samtalar
  • deltaking i gruppe
  • deltaking på kulturelle arrangement, kreative og sosiale aktivitetarKlikk for stort bilete
  • strukturert og meiningsfull kvardag
  • arbeidskontrakt der det vert avtala når brukar skal vera på Oasen, og deltaking i aktivitetar

Skildring av tilbodet

Det er viktig for Oasen at me har aktivitetar som brukarane våre ynskjer, difor vert ynskje om andre aktivitetar alltid teke godt i mot, og seriøst vurdert. Me har allmøte ein gong i månaden – for å sikra at dei som har noko på hjarta, stort eller smått, får ta dette opp.

Døme på aktivitetar:

  • Rulling av dukar
  • Ljosstøyping
  • Klikk for stort bileteToving
  • Kjøkkenaktivitetar og felles måltid
  • Smykkelaging
  • Samvær med andre
  • Trimtilbod

Korleis søkje tenesta?

Dagsenteret er ope for alle og det vert ikkje gitt vedtak på tenesta. Stikk innom for ein prat, for å høyre om dette kan vera noko for deg.Me held til i Uttrågata 36, 3. etasje

Opningstid

Måndag - Fredag 10.00 – 15.00 

Telefon: 960 97 736 eller 992 07 110

 

Fann du det du leita etter?