Miljøarbeid

Kven er tilbodet for?

Deg som har psykisk liding eller vanskar og/eller har utfordringar knytt til inntak av rusmidlar. Kommunen kan hjelpa deg med å få struktur på dagen, og til å utføra daglege aktivitetar som hushald, handel, matlaging og anna.


Ovannemnte tenester er lovpålagt, og det er tildelingskontoret som handsamar søknaden. Når søknad er mottatt, vil du bli kontakta for ein samtale der du fortel om din situasjon. Samtalen dannar grunnlag for om du får tenester/ kva tenester du får. Søknadsskjema finn du på linken til høgre.