Vanlege spørsmål til tildelingskontoret

  • Kva tenester har eg rett på?
    • Tenester vert vurdert utifrå behovet ditt på søknadstidspunktet, og avgjer om du får tildelt tenester eller ikkje.
  • Kvar finn eg søknadsskjema?
    • På internett, voss.kommune.no, helse og omsorg, tildelingskontoret
    • Kan hentast på tildelingskontoret, som ligg i 1.etg på Voss sjukeheim
    • Kan ringja og be tildelingskontoret senda skjema heim til deg
  • Vert det gjort heimebesøk ?
    • Sakshandsamar på tildelingskontoret går vanlegvis på heimebesøk når det er nye brukarar som søkjer, men det vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Tek elles kontakt på telefon.
  • Kan kommunen gje hjelp til brukar som kjem på besøk frå andre kommunar?
    • Ja. I fylgje helse- og omsorgstenestelova skal « kommunen sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester.» Dette gjeld for dei som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Det betyr ikkje at den som har tenester i andre kommunar har krav på same hjelpa i Voss kommune, det må vurderast individuelt.
  • Kor mykje må eg betala for tenesta?
    • Generelt sett er heimesjukepleie, miljøarbeid og avlastning gratis, medan det er eigenandeler på t.d. heimehjelp, tryggleiksalarm, middagslevering, korttidsopphald, dagopphald. Voss kommune fastset ulike eigenandeler kvart år i samband med budsjett, og desse satsane er tilgjengelege på voss.kommune.no.
  • Kan eg setja meg på ei ventelista til f.eks langtidsopphald i «god tid» ?
    • Nei. Det er kun dei som på søknadstidspunktet vert vurdert til å fylla kriteriene for langtidsopphald som vil få dette.
  • Kven kan søkje om TT-kort og korleis søkje?
    •  Eigensøknad og legeerklæring skal sendast Hordaland Fylkeskommune. TT-kort
  • Fylgjekort/ledsagerbevis.
    • Må senda eigensøknad, gjeld for brukar 8 år og oppover. Har du ein fysisk eller psykisk funksjonshemming med behov for bistand til dei fleste av gjeremåla i dagleglivet kan du søkja om følgjekort/ledsagarbevis. Følgjekort/ledsagar får fri adgang, eventuelt redusert pris til mange kultur- og fritidsarrangement i Voss kommune, samt til ein del offentlege transportmiddel. Kortet gjeld også i andre kommunar som har ordninga. Link til dette https://www.voss.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/tildelingskontoret/, søknadsskjema på meny til høgre
  • Hjelpemiddel.
    • Kommunalt hjelpemiddellager ligg på Voss sjukeheim,  låner ut hjelpemiddel inntil tre månader. Opningstid tysdag og torsdag kl. 8-15, tlf 99 20 71 01. . Kan henta hjelpemiddel på Voss sjukeheim måndag til fredag etter avtale. Treng du varige hjelpemiddel, er det ergoterapeut eller fysioterapeut som må søkja.
Fann du det du leita etter?