Smittevern

Smittevern er kommunen sitt systematiske arbeid for å førebyggja smittsame sjukdomar og å avgrensa smittespreiing ved epidemiar og andre smittsame sjukdomar.

 

Døme på vanleg arbeid innan kommunalt smittevern er:
1. Tuberkulosekontroll
2. Vaksinasjon mot influensa og lungebetennelse
3. Informasjon og rådgjeving om smittsame sjukdomar
4. Reisevaksinasjon (sjå kapittel om vaksinering)
5. Barnevaksinasjon i samsvar med nasjonalt program for vaksinering mot smittsame
sjukdomar (sjå kapittel om vaksinering)
6. Oppsporing og kontroll av smitte via næringsmiddel (i samarbeid med
Mattilsynet)

Ved epidemiar vert det tilrådd særskild vaksinasjon til spesielt utsette grupper. Helsestyresmaktene vil i slike tilfelle gje nærare informasjon gjennom lysingar i pressa.


Lovgrunnlag

Arbeidet er heimla i eigen lov: Lov om vern mot smittsomme sykdommer "Smittevernloven", og det er laga eigen smittevernplan for Voss kommune.
 

 

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leita etter?