Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell

Hardanger- og Voss legevaktdistrikt er godkjent som arrangør av «Kurs i Akuttmedisin for legevaktpersonell».

I 2019 vert kursa helde på Fleischer hotell på Voss 15. og 16.januar (fullt), 4.og 5.juni (fullt), 17. og 18 september (ledige plasser) og 12. og 13. november (ledige plasser). 

Kurset er godkjent for spesialiteten allmennmedisin med til saman 15 poeng som obligatorisk emnekurs/klinisk emnekurs til vidare- og etterutdanninga (totalt 22 poeng inkludert nettkurs).

Før kurset må du ha gjennomført nettbasert kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell, sjå lenkje til nettkurs nedanfor.

For å få kursbevis må du betale 250,-. Ta med kursbevis ved frammøte på det praktiske kurset. Kursavgifta til akuttmedisinkurset og nettkurset vert refundert av heimkommunen.

Nettkurs: www.oppvakt.no

Påmelding til: silje.todnem@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?