Krisesentertilbod

Krisesentertilbodet er eit lågterskeltilbod for personar som har vore utsett for vald i nære relasjonar og som treng vern eller rettleiing. Dette er eit frivillig og gratis lågterskelstilbod for både kvinner, barn og menn uavhengig av nasjonal tilhørighet.

Lovgrunnlag: 

Alle kommunar har plikt til å ha eit krisesentertilbod, jf. Lov om krisesenter frå 2010. 


Tenesteinnhald

Med verknad frå 1. januar 2014 har Voss kommune på lik linje med 22 andre kommunar i fylket, inngått ein samarbeidsavtale om krisesentertilbod med Bergen kommune som vertskommune. 

Krisesentertilbodet er eit tillegg til det offentlege hjelpeapparatet i Voss kommune. Dei som nyttar tenesta skal få ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesenter-tilbodet og andre delar av tenesteapparatet.

Tilbodet omfattar:

  • Ein trygg og midlertidig bustad.
  • Formidling av kontakt til andre etatar og hjelpeinstansar t.d. politi, advokat, nav og øvrig hjelpeapparat.
  • Tilbod om kartlegging og risikovurdering.
  • Adskilt tilbod til kvinner og menn.
  • Tilbodet rettar fokuset på tryggleik og hjelp til sjølvhjelp.
  • Tilbod om samtalar på den døgnopne telefonen: 55 31 50 50.

For meir informasjon om tilbodet;

www.bergenkrisesenter.no