Omsorg ved livets slutt

Det vert gitt mogelegheit for at brukar som ynskjer det, får avslutta livet i heimen, omgitt av sine næraste. Heimesjukepleie kan i slike tilfeller utføra ulike tenester. 

I desse tilfella skal fylgjande tenester vektleggjast:

  • Brukaren skal sikrast best mogeleg pleie og stell gjennom færrast mogeleg personar å forholda seg til.
  • Brukaren sine ynskjer og behov skal så langt som mogeleg imøtekommast.
  • Sikra at pårørande får nødvendig hjelp og støtte.
  • Det vert avklart samhandling med behandlande sjukehus og/eller fastlege.
  • Det kan verta gitt tilbod om smerte- og symptomlindrande behandling.