Levering av middag

Har du problem med å få laga middag sjølv, kan du få maten køyrd heim til deg.    

Kvifor?

Tilbodet består av ferdig laga middag som vert bringa ein eller fleire dagar i veka.

Tenesta skal vera eit supplement for å dekkja ernæringsbehovet til innbyggjarar som av ulike årsaker ikkje er i stand til å dekka dette behovet fullt ut sjølv, og på den måten førebyggja feilernæring og sjukdom.


Kriterier for tildeling

  • Det må føreliggja søknad frå brukar.
  • Brukar må opphalda seg i kommunen.
  • Brukar bur heime og har fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som gjer at ein ikkje er i stand til å ivareta ernæringsbehovet sitt.

Lovgrunnlag

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Ved søknad skal enkeltvedtak fattast. Vedtaket skal innehalda opplysningar om søknaden vert tildelt heilt eller delvis som ein del av praktisk bistand med heimel i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.


Kva får du?

  • Maten som vert produsert etter kok-kjøl prinsippet vert køyrt ut til brukar ein eller fleire gonger i veka etter vedtak. Tal dagar framkjem i vedtaket. Behov for å auka eller redusera tal dagar med matleveranse må avklarast med tildelingskontoret. Det vert laga meny for 6 veker av gongen.
  • Det vert gitt mogelegheit til å eta ved Velferdsentralen.
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsaker til det.
  • Middag vert levert i samsvar med vedtak.

Kva må du gjera?

  • Abonnenten må forplikta seg til minimum 3 porsjonar per veke.
  • Brukar gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Avbestilling må skje seinast kl. tolv, den 5. virkedag før levering. Det vert fakturert for middag som ikkje er avbestilt innan fristen.
  • Brukar må vera tilstade ved levering eller syta for at nokon tek i mot maten.

Kva koster det?

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.