Helsetenester i heimen - heimesjukepleie

Heimebuande personar med trong for nødvendig helsehjelp for å ivareta grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt. Det er ein mål å leggje til rette for at brukarar som ynskjer å bu lengst mogleg i heimen skal kunne gjere det. 

Kvifor?

  • Brukar vert buande heime med nødvendig helsehjelp og får ivareteke grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.
  • Førebyggja behov for heildøgns bustadtilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan få bu lengst mogeleg i eigen heim. Brukar vil kunne få rettleiing og opplæring som gjer at vedkommande i størst mogeleg grad vert sjølvhjelpen i forhold til dagliglivet sine ulike gjeremål.
  • Den som mottar tenesta skal klara mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp.

Kriterier for tildeling

Helsetenester i heimen vert tildelt dei som oppheld seg i kommunen og som fyller vilkåra for å få nødvendige helse- og omsorgstenester. Tenesta vert tildelt for å hjelpa den som av fysiske og/eller psykiske årsaker ikkje greier å ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte. Det vert vurdert om brukar må ha hjelp av helsefagleg personell til:

  • personlig stell og hygiene
  • rørsle og mobilitet
  • oppretthalda ernærings- og væskebalanse
  • nødvendig aktivitet, søvn og kvile
  • respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering.

Vidare vert det vurdert om ein har behov for:

  • hjelpemidlar
  • rehabilitering
  • psykisk helsearbeid
  • miljøarbeid

Lovgrunnlag

Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §§ 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen, her under sjukepleie, miljøarbeidarteneste og psykisk helseteneste.

Tenesta sitt innhald

  • Når søknad er motteken vil tildelingskontor ta kontakt for avtale om heimebesøk eller samtale.
  • Dersom det oppstår akutt behov for nødvendig helsehjelp vil hjelpa verta sett i gang og kartlegging vil verta utført etterpå. Vedtak vert fatta så snart som mogeleg.
  • Brukar får beskjed seinast same dag dersom avtalar må endrast.
  • Tenesteytar vil samarbeida med brukar om utføring av tenesta.
  • Tenesta vert organisert på ein slik måte at det vert freista å ha færrast mogeleg tenesteytarar, det vil sei primærsjukepleie.
  • Alle som mottar helsetenester i heimen ein gang i månaden, i meir enn 3 månader har rett til fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk. Personar med rusavhengigheit har rett til tannbehandling ved offentlig tannklinikk.
  • Personalet har ikkje høve til å ta i mot personlege gåver. 

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om tenesta.
  • Gjera seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Brukar må vera tilstade i heimen for å ta i mot tenesta. Det er ein føresetnad at brukar gir beskjed dersom han/ho ikkje er heime til avtalt tid.
  • Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteytar jf. vedtektene i arbeidsmiljølova.
  • Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med nødvendig og tilpassa utstyr for eksempel neglesaks, toalettsaker og temperaturmåler til utføring av arbeidsoppgåvene.
  • Brukar må sørgja for at vegen er framkomeleg og trygg uansett årstid.
  • Det må vera lys utandørs slik at det er lett å finna fram.
  • God hygiene er viktig for både brukar og tenesteytar. Det skal det vera flytande såpe og tørkepapir tilgjengelig.
  • Nødvendig tilrettelegging i bustaden må aksepterast, f.eks. hjelpemidlar og ommøblering.
  • Når det vert søkt om bistand til å administrere medisin må brukar samtykkja til at medikamenthandteringa føregår i samsvar med ”prosedyre for legemiddelhandtering til heimebuande”.
  • Forståing for at akutte situasjonar kan oppstå slik at oppdrag kan verta utsatt.

Oppgåver som IKKJE inngår i tenesta

  • Brukar som treng akutt medisinsk/kirurgisk og psykiatrisk behandling, skal visast til spesialisthelsetenesta.
  • Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim.
  • Skyss/ transport i bil.
  • Alkometer.

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for helsetenester i heimen. Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.

 

Heimesjukepleia kan utføra tilpassa oppfylgjing av rusavhengige. Med rus vert det meint avhengigheit/problematisk bruk av alkohol, illegale rusmidlar og/eller føreskrivne medikament. Heimesjukepleiar kan jobba med å: 

  • Avklara motivasjon for endring.
  • Bustadsosialt arbeid.
  • Tett oppfølging ved behov.

 

Støyping av ljos

Brukar med korte, forbigåande eller langvarige/ kroniske psykiske lidingar kan ta i mot psykiske helsetenester i heimen.

 

Ved behov for observasjon, vurdering og oppfølging av medisinsk behandling, skal det alltid føreliggja medisinsk vurdering frå lege. Dersom dette manglar, skal tildelingskontor/ tenesteytar syta for at pasienten får nødvendig legetilsyn.

Det vert gitt mogelegheit for at brukar som ynskjer det, får avslutta livet i heimen, omgitt av sine næraste. Heimesjukepleie kan i slike tilfeller utføra ulike tenester. 

Heimesjukepleiar kan hjelpa med å ta prøvar og gjera injeksjonar dersom brukar ikkje kan oppsøkja legekontoret sjølv.

  • Dei tenester som brukar kan få tilbod om andre stader, vil hovudsakeleg ikkje verta tilbydd. Eksempel er ulike typar blodprøver, injeksjonar som f. eks. B 12, influensavaksine o.l. Brukar eller pårørande må bestilla drosje for at brukar skal kunne koma seg til lege. Dersom det av helsemessige grunnar ikkje let seg gjera at brukar kan få utført desse tenestane hjå lege, må det liggja føre ein søknad på tenesta.
  • Måling av blodtrykk, puls og blodsukker er undersøkingar som vert gjort som ledd i ein observasjon. Dette skal grunngjevast fagleg og vera tidsavgrensa.

 

Heimesjukepleiar kan utføra sårstell i heimen dersom det medfører særleg stor bry for brukar å koma seg til legekontor, og når det føreligg fagleg grunngjeving frå lege på at sårstell må utførast av helsepersonell. Sår skal som hovudregel vera vurdert av lege.

 

Hovudregelen er at brukar skal ta hand om medisinane sine sjølv. Brukar som har stabil medisinering må nytta seg av multidose.

Heimesjukepleia gjer tilsyn i form av besøk eller telefonoppfylging dersom det har ei konkret hensikt og er fagleg grunna. For brukar med tryggleiksalarm vert det i utgangspunktet ikkje tildelt tilsynsbesøk.

 

Heimesjukepleia i Voss kommune kan gi:

  • Tilbod om tilrettelegging/smørjing av brødmat.
  • Bistand til oppvarming av ferdig laga middagsmat. Må sørgja for mat i heimen, sjå matombringing. Dette inneber ikkje handling av matvarer.
  • Kartlegging og oppfylging i forhold til ernæringsrisiko.

 

Heimesjukepleia kan gi:

  • Bistand til å stå opp og leggja seg og ivareta personleg hygiene.
  • Bistand til dusj og hårvask. I samband med dusj vert det ytt bistand til å klyppa negler ved behov, men stell av vanskelege negler må skje hjå fotpleiar.
  • Opplæring i bruk av inkontinent utstyr, stell av stomi, kateterisering og stell av urinkateter.

 

Fann du det du leita etter?