Kvardagsrehabilitering

Eit tilbod til bebuarar i kommunen som har opplevd redusert funksjon i eit eller fleire daglege gjeremål, som har ynskje om å meistre kvardagen igjen. Søkjar av tenesta må ha eit aktivitetsproblem og/eller ein funksjonsnedsetjing, som har gjort kvardagen vanskelegare å meistre. Tilbodet er tidsavgrensa og gjeld vaksne over 18 år som bur i eigen heim.

 

 

Kva får du?

 

Me vil saman med deg vurdera situasjonen og leggja ein plan for trening. Me trenar saman med deg på å styrka fysikken, bli trygg og å meistre praktiske daglege gjeremål. Det kan vera å klara eigenomsorg igjen, laga mat, gå i banken, butikk og sosiale møtepunkt igjen, stella i heimen sjølv eller å ta hand om eigne medisinar. I samarbeid med deg utformar me mål for rehabiliteringsperioden. Målet med kvardagsrehabiliteringa er at du skal bli meir uavhengig, og tryggare i eigen kvardag. Tenesta blir utført heime hjå deg og er tidsavgrensa til maks.tre månader. Rehabiliteringa er sett i verk av fysioterapeut og ergoterapeut i tett samarbeid med heimesjukepleia.

 

 

Kva må du gjera?

 

 

Søkja tildelingskontoret om dei tenestene du treng.

  • Gjera deg kjend med innhaldet i vedtaket og tenesteskildringa
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. klage
  • Den enkelte brukar utfører sjølv det ho/ han mestrar.

Dersom du er i målgruppa og vert vurdert til å ha eit rehabiliteringspotensiale vil me ta kontakt for ein samtale. 

 

 

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret 
Publisert av Liv Myklebust. Sist endra 05.09.2016
Fann du det du leita etter?