Hagahaugen

Klikk for stort bilete Avdeling for førebygging og rehabilitering held til på Hagahaugen rehabiliteringssenter og ligg fint til under Hanguren med utsikt over bygda.   

Hagahaugen har gode omgjevnadar for å trena seg opp til å meistra daglege gjeremål, og er ein flott stad å bu. Avdelinga skal bidra til auka funksjons- og meistringsevne slik at flest mogeleg kan vera aktive i daglegliv, arbeidsliv og samfunnsliv. Brukaren står sentralt i eigen rehabiliteringsprosess. Me kan tilby desse tenestene:

  • Rehabiliteringsavdeling m/tryggleiksplassar og vekselpleie.
  • Aldersheim.
  • Kommunale fysio- og ergoterapeutar.
  • Dagavdeling for eldre.

Hagahaugen AS leiger også ut møtelokale og det er høve å bada i terapibassenget. http://www.hagahaugen.no/

Fann du det du leita etter?