Utgreiing demens

Klikk for stort bilete

Dette er eit tilbod til personar med demens (og deira pårørande) som treng utgreiing, informasjon, opplæring, avlasting og oppfølging i ein krevjande omsorgssituasjon.

Kvifor?

  • Målet er at fleire personar med symptom på demens skal få tilbod om utgreiing, slik at ein får stilt diagnose og avklara demenstype. Samstundes får ein skilt mellom kognitiv reduksjon og svikt som kan opptre ved normal aldring, og somatisk og psykiatrisk sjukdom.
  • Demensutgreiing er ein føresetnad for å kunne gje hensiktsmessig behandling og omsorg. Tidleg diagnose gjer det mogeleg for personar med demens å ta viktige avgjersler medan personen enno har samtykkeevner.
  • Gi pårørande god og naudsynt oppfølging i form av god og nok informasjon og avlastning så tidleg som mogeleg i løpet av sjukdomen, slik at dei kan stå i ein krevjande omsorgssituasjon lenger. Dette vil ha betyding for utsetting av eventuelt behov for plass i institusjon.

Kriterium for tildeling

  • Personar som kjem inn til utgreiing skal ha vedtak frå tildelingskontoret.
  • Personar over 65 år der det er mistanke om demens, skal tilvisast til eininga for utgreiing, og få stilt diagnose.
  • Personar med kjent demens med behov for kartlegging av funksjonsnivå og ny vurdering av tiltak/behandling som bør setjast i verk.
  • Personar med demens eller som er under utgreiing, som kjem inn på vekselpleie- eller avlastingsopphald. Dette er eit svært viktig tilbod for pårørande som står i ein krevjande omsorgssituasjon.

Kva får du?

  • Personen som kjem inn til utgreiing får ein primærkontakt.
  • Kartlegging og utgreiing av personar med mistanke om demens.
  • Oppfølging av personar med demens.
  • Ansvar for søknadar og oppfølging av kognitive hjelpemidlar, evt. heimetenester.
  • Oppfølging og samarbeid med pårørande til personar med demens.
  • Pårørandeskule.
  • Tverrfagleg samarbeid på ulike tenestenivå.
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta.
  • Undervisning og rettleiing av helsearbeidarar.
  • Brukar og pårørande kan forventa eit organisert tilbod for utgreiing, diagnostisering og tiltak.
  • Pårørande kan forventa eit tett samarbeid med helsepersonell der dei kan få naudsynt informasjon, tilbod om samtale, avlasting og oppfølging i ein krevjande omsorgssituasjon.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om korttidsopphald i institusjon.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. klage.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.
  • Ta ansvar for verdisaker som tvert tekne med til institusjonen.
  • Sørgje for at private klede er merka.

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post.