Opphald i aldersheim

Klikk for stort bileteAldersheim er ei heildøgns buform som vert tilbydd personar som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagleglivets gjeremål. Aldersheim har noko lågare bemanning enn sjukeheim og eignar seg ikkje for personar som har omfattande pleiebehov.  

Klikk for stort bilete

Kvifor?

Ved ein aldersheim får bebuarane hjelp tilpassa fysiske, psykiske og sosiale behov. Det vert lagt til rette for god livskvalitet ved at det vert bygd opp under bebuaren sine ressursar, og ein arbeider for å forhindra, så langt som mogeleg, at svikt oppstår og/eller får utvikle seg. Dette tilbodet vert gitt i eit sosialt fellesskap med tryggleik for at ein kan tilkalla hjelp til ei kvar tid.

Kriterium for tildeling

  • Behovet for hjelp er av ein slik art at det ikkje kan verta gitt eit fagleg forsvarlig tilbod i eigen heim.
  • Søknad med legeopplysningar/førespurnad frå pårørande/lege
  • Søkjar må sjølv, med tilrettelegging, kunne ta seg av personlig hygiene og flytting. Søkjar må vera klar og orientert.

Før eit langtidsopphald på ein institusjon vert tildelt, skal det først vera prøvd med korttidsopphald. Dersom det viser seg at brukar ikkje kan reisa heim etter eit korttidsopphald, vil ein prøva å unngå flytting før det vert ein ledig langtidsplass. Dersom brukar er på rehabiliteringsopphald og det viser seg at måla som er sette for opphaldet likevel ikkje kan nåast, må ein pårekna å flytte til ei vanleg korttidsseng medan ein ventar på langtidsplass.

Lovgrunnlag

Dette er ei lovpålagt teneste. Aldersheim er ei heildøgns buform som er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6, bokstav c.

Kva får du?

Aldersheim er ei heildøgns buform som vert tilbydd personar som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagleglivets gjeremål. Opphald i aldersheim kan verta tilbydd som korttidsopphald og langtidsplass. 

Ein får individuelt tilpassa hjelp til personleg hygiene, aktivitet og ernæring, oppfølgjing av medisinsk behandling, tilgang til personale heile døgnet, legetilsyn frå tilsynslege, tilgang på sjukepleiefagleg kompetanse på dagtid vekedagar, observasjon av sjukdomsutvikling/førebygging av komplikasjonar og tilgang til fysioterapeut etter behov.

Kva må du gjera?

Kva kostar det?

Eigenbetaling vert berekna etter inntekta til den enkelte bebuaren, jf. «Forskrift om vederlag for opphald på institusjon og forskrift om disponering av kontantytingar ved opphald i aldersheim». Medrekna i eigenandelen er mat og medisin. Det er ingen eigenandel ved polikliniske konsultasjonar hjå spesialisthelsetenesta, og du får gratis tannbehandling hjå offentleg tannlege.

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post.
Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leita etter?