Langtidsopphald på sjukeheim

Langtidsopphald på sjukeheim er ei heildøgns buform for personar som har trong for omfattande og tverrfagleg pleie, og som er heilt avhengige av praktisk og personleg hjelp for å klara daglege gjeremål. Opphaldet skal dekkje behovet for heildøgns pleie og omsorg, og er i nokre tilfelle ei permanent løysing fram til livets slutt.

Klikk for stort bilete

Kriterium for tildeling

Grundig kartlegging og vurdering må utførast for å koma fram til om langtidsopphald er riktig omsorgsnivå for den enkelte. Føresetnader:

  • Alle andre alternative tenester er vorte vurdert og/eller prøvd utan noko særleg effekt.
  • Brukar med somatisk helsesvikt og/eller demensdiagnose, som har behov for omfattande medisinsk behandling som ikkje kan ytast i heimen.
  • Brukar med omfattande døgnkontinuerlig behov for pleie og omsorg, som ikkje kan oppfyllast tilstrekkeleg i eigen heim eller annan tilpassa bustad.
  • Brukar som er varig ute av stand til å ta vare på eiga helse og meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.

Lovgrunnlag

Langtidsopphald i sjukeheim er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §3-2 punkt 6, bokstav c.

 

Kva får du?

Tenesta vert tildelt for ein lengre periode eller som eit opphald livet ut.

  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Medisinsk behandling, pleie og tilsyn som ikkje krev sjukehusinnlegging.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • Brukarane får individuell pleie, behandling, tilsyn og rettleiing, der målet er at dei skal greie seg mest mogeleg sjølv.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter instruks frå lege.
  • Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester, skal få tilbod om å få utarbeidd ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1.
  • Fri transport til behandling hjå spesialisthelsetenesta.
  • Fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om langtidsopphald på sjukeheim.
  • Gje naudsynt informasjon ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 11-2.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket, tenesteskildringa og orienteringa om vederlag for opphaldet.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og evt klage.
  • Den einskilde brukar utfører sjølv det ho/han meistrar.
  • Ha forståing for at vedtaket kan endrast ved endring av funksjon.
  • Brukaren er ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som vert tekne med til institusjon.
  • Syte for at kleda er merka med namn.

Kva koster det?

Vederlag for opphaldet vert kravd inn med heimel i ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 11-2.
 

Slik søkjer du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post.

 

Fann du det du leita etter?