Kreftkoordinator/ kreftsjukepleiar

Dette er eit tilbod for menneske som vert ramma av kreft, og deira pårørande.

Klikk for stort bilete


Kvifor?

For å sikra god kvalitet i kreftomsorga har kommunen ein kreftkoordinator og ressurssjukepleiarar med fordjupa kunnskap om kreftomsorg og lindrande behandling. Ressurssjukepleiarane fungerer ofte som primærkontakt for pasientar som har heimesjukepleie, og bebuarar på sjukeheim. Ressurssjukepleiarane kan også tilby rettleiing til anna personell som jobbar med pasienten. Føremålet med ressurssjukepleiarane sitt arbeid er å få tidleg kontakt med pasienten og sikra gode og samordna tenester for den enkelte. Ofte har dei ei viktig rolle med å setja i gang gode tiltak for den enkelte kreftpasient.
 

Lovgrunnlag

Kreftkoordinator er ikkje ei lovpålagt teneste, mens ressurssjukepleiarane i heimesjukepleia gir ei lovpålagt teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2.


Kva får du?

Kreftkoordinatoren i Voss kommune skal ha oversikt over relevante tilbod og tenester innan kreftbehandling og kreftomsorg. Kreftkoordinatoren gir informasjon og rettleiing til kommunen sine andre tenester og samarbeidspartar, og arbeider for å sikre at alle kreftramma får det same tilbodet. Kreftkoordinatoren skal dermed sikre at gode rutinar bidreg til god kvalitet i kreftomsorga og at pasient og pårørande opplever stor grad av tryggleik og ivaretaking. Dersom ein kreftpasient skulle oppleva svikt i oppfølginga frå kommunen, kan kreftkoordinatoren kontaktast. Andre samarbeidspartar kan også ta kontakt i slike tilfelle.


Kva må du gjera?

Dersom du får pleie og omsorgstenester frå Voss kommune vert det ikkje krevd ein ny søknad for å få tenester frå  ressurssjukepleiar med fordjupa kunnskap om kreftomsorg. Dette kan du få gjennom dialog med den enkelte tenestestad eller med tildelingskontoret.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Kontaktinformasjon:

Telefon: 99207129

kreftkoordinator@voss.kommune.no

 

 

 

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 04.04.2016