Korttidsopphald i institusjon

Klikk for stort bilete

Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging. Opphald kan forlengast til potensialet vert vurdert som nådd.

 

Kvifor?

  • Tenesta skal nyttast for å utgreia tenestemottakaren si evne til eigenomsorg, og for å vurdera behov for framtidige tenester/tenestenivå.
  • Tenesta vert nytta i ein avgrensa periode for tenestemottakarar som på grunn av sjukdom/endring i funksjonsnivå treng omfattande tilsyn og hjelp.
  • Brukar opprettheld og/eller trenar opp funksjonar.
  • Medisinsk utgreiing og/eller behandling.
  • Rehabilitering.
  • Førebyggjing og lindring av fysiske og psykiske symptom.

Kriterium for tildeling

  • Pasientar som for ein tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerleg observasjon, vurdering, pleie, behandling, tilsyn og/eller opptrening/rehabilitering, eller omsorg ved livets slutt. Det vil alltid verta vurdert om naudsynt helsehjelp kan bli gjeven på ein fagleg forsvarlig måte i heimen. Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast om behovet er av ein slik art at naudsynt helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta.
  • Brukarar som har ein kronisk sjukdom med dødeleg utgang, og har behov for eit kortare/lengre opphald i samband med:
    • Observasjon og vurdering av medisinsk behandling.
    • Observasjon og oppfølging av palliativ (lindrande) behandling.
    • Eige ynskje om å avslutta livet på sjukeheim.

Lovgrunnlag

Korttidsopphald i institusjon er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgs-tenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Kva får du?

  • Brukarane får individuell observasjon, pleie, behandling og rettleiing, der målet er at dei skal greie mest mogeleg sjølv.
  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Tverrfagleg oppfylgijng frå bl.a. lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Tilsynslege kan tilvisa til fysioterapeut og spesialisthelseteneste ved behov.
  • Tilrettelegging for at brukar har naudsynte hjelpemidlar.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter føreskriving av lege.
  • Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Fri transport til behandling hjå spesialisthelsetenesta.
  • Tidsavgrensa opphald vert ikkje automatisk eit langtidsopphald sjølv om behovet for hjelp aukar. Eventuell forlenging av opphald skjer etter ei tverrfagleg vurdering.
  • Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester skal få tilbod om å få utarbeidd ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1, individuell plan.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om korttidsopphald i institusjon.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. ved klage.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.
  • Ta ansvar for verdisaker som tvert tekne med til institusjonen.
  • Sørgje for at private klede er merka.
  • Sørgje for transport og betaling til og frå institusjonen.

Kva koster det?

Vederlag for opphaldet vert krevd ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post

 

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leita etter?