Hjelpemiddel

Du kan få låna hjelpemiddel dersom du har nedsett funksjonsevne, vore operert eller utsett for skade eller sjukdom. Hjelpemidlane gir dei som treng det ein enklare kvardag, og vert lånt ut for ein kortare eller lengre periode. Aktuelle hjelpemiddel kan vera rullestol, rullator, dusjstol, dostol, sengebord, toalettforhøgar, gåstativ og liknande.

 

Kriterium

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.


Lovgrunnlag

Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-1


Kva kostar det?

Det er ingen eigenbetaling for hjelpemiddel. Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) vert dekka av folketrygda. Kommunen dekker utlån ved kortare behov. Enkle hjelpemiddel som til dømes krykker som du har behov for i samband med forbigåande sjukdom, må du kjøpa sjølv i butikk.


Kva får du?

Her finn du oversikt over ulike hjelpemiddel: 
 

Nav hjelpemiddeldatabase
Nav Hjelpemiddelsentral

 

Hjelpemiddellageret tar i mot/returnera hjelpemidlar får Nav Hjelpemiddelsentral i Bergen/Kokstad kvar fredag.


Kva må du gjera?

Det er kommunalt hjelpemiddellager du skal kontakte når du har behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, eller skal returnera hjelpemiddelet du har lånt:

 

Kommunalt hjelpemiddellager v/Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15, 5705 Voss
Tlf: 99 20 71 01

 

Opningstider:

Tysdag og torsdag klokka 08.00-15.00

 

Det er mogeleg å hente og levere hjelpemiddel desse dagane, melde saker pr. telefon eller på e-post til: hjelpemiddel@voss.kommune.no

 

Opplæring i bruk av hjelpemiddel, montering og eventuell reparasjon vert vanlegvis utført av kommunen.

 

Har du behov hjelpemidlar i ein lengre periode?

 

Det er kommunen sine ergo- og fysioterapeutar du skal kontakte ved langvarig behov for hjelpemiddel. Dei vil syta for at søknad vert sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

 

Meir informasjon: Ergo- og fysioterapiavdelinga i Voss kommune.
 

 

Krav til søkjar:

 

  • Du må opphalda deg i kommunen for å få låna hjelpemiddel for ein kortare periode. Har du langvarig behov for hjelpemiddel må du søkja om dette i kommunen du er folkeregistrert i.

  • Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast, monterast og leverast inn att av brukar/pårørande. Dersom dette ikkje er mogeleg, kan det bli ordna etter avtale med lageret.

  • Utstyr som ikkje er i bruk eller som du ikkje har behov for lengre skal leverast inn att i reingjort stand så snart som råd. Utstyret skal leverast tilbake av brukar eller pårørande til kommunalt hjelpemiddellager i gitte opningstider.

  • Du kan låne hjelpemiddel til deg sjølv eller andre på hjelpemiddellageret. Du treng ikkje tilvising frå lege. Dersom du hentar eller levera inn noko for andre må du hugsa å oppgje fullt namn, adresse og fødselsdato til den du hentar/levera hjelpemiddel for.


Klage

Du kan klaga på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Fann du det du leita etter?