Førebyggjande heimebesøk

Kommunalavdeling helse og omsorg tilbyr innbyggjarar over 80 år eit førebyggjande heimebesøk. Fokuset er å styrkja trivsel, tryggleik og helse, samt førebyggja helseskadar. Alle eldre over 80 år som ikkje allereie mottek pleie- og omsorgstenester frå kommunen vil få brev, der me informerer om føremålet med besøket og forslag om tidspunkt for besøket. Tilbodet er frivillig.  

Klikk for stort bilete

Kvifor?

Målet er at eldre skal oppleva auka tryggleik, leggja til rette for ein aktiv alderdom og at ein skal kunna bu heime så lenge som mogeleg, og redusera/utsetja behovet for omfattande behandling og tenester. Det er viktig å få kartlagt hjelpebehovet så tidlig som mogeleg, slik at ein eventuelt kan setja inn effektive og førebyggjande tiltak.

Kva får du?

Under besøket vert det informert om tenester og tilbod som finst i kommunen, både i offentleg og frivillig regi. Me vil snakka om fysisk aktivitet, ernæring, fysisk, psykisk og sosial helse. Me vil også ta for oss sikkerheit i heimen, både når det gjeld brann, tilrettelegging og tilkomst til bustaden. Me vil ha fokus på å fremja motivasjon og bruk av eigne krefter for eit best mogeleg liv, og vera med på å motivera til eventuelt endra vanar.

Kva kostar det?

Det er inga eigenbetaling.  

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015