Dagaktivitetstilbod for eldre

Klikk for stort bilete Dagaktivitetstilbodet for dei eldre er knytt til institusjonane for eldre, på Hagahaugen, Voss Sjukeheim, Vetleflaten omsorgssenter og Vossestrand omsorgstun. Dette er eit aktivitetstilbod både til bebuarar ved institusjonane og heimebuande eldre i Voss Kommune. I tillegg er det ved Voss sjukeheim eit tilrettelagt dagtilbod for heimebuande personar med demens.  

Kvifor?

  • Overordna mål om å vera ein god «treffstad» der eldre heimebuande i Voss Kommune og bebuarar på institusjonen kan møtast for å oppleva meistring og glede.
  • Ha fokus på førebyggjande tiltak. Dette ved at brukar får individuell trening og aktivisering, som t.d. styrke- og balansetrening. Dette med mål om å førebyggja fall, bidra til at brukar meistrar daglege aktivitetar utan bistand eller med bistand på eit lågast mogeleg omsorgsnivå.
  • Leggja til rette for aktivitetar som stimulerer til meistring og positive opplevingar slik at det bidreg til auka livskvalitet.
  • Tilby tilrettelagt dagtilbod til personar med demens som bidreg til gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar.
  • Vera ei avlasting for dei næraste som har omsorgsoppgåver i forhold til personar med demens, slik at dei står lenger i ein krevjande omsorgssituasjon. Målet er å koma så tidleg som mogleg inn i løpet av demenssjukdomen.

Kriterier for tildeling

  • Brukarar med behov for å auke evna til fysisk, psykisk og sosial eigenomsorg.
  • Brukarar med behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.
  • Brukarar med pårørande som har behov for avlasting.      

For tilrettelagt tilbod for pasientar med demens:

  • Heimebuande personar med demens, som enten har fått diagnosen eller som er under utgreiing.
  • Heimebuande personar med demens som har pårørande med behov for avlasting.
  • Heimebuande eldre/ personar med demens som kan nyttiggjera seg tilbodet ved at aktivitetane i dagtilbodet bidreg til å vedlikehalda funksjonsnivået slik at brukaren kan bu heime så lenge som mogeleg.

Lovgrunnlag

Dagaktivitetstilbod er ein del av det kommunale omsorgstilbodet. Dagaktivitetstilbod er ikkje lovpålagt, men kan tildelast med heimel i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 5 som omhandlar sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering eller Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav d som handlar om avlastningstiltak.

Kva får du?

Dagaktivitetstilbod for eldre:

  • Individuelt tilpassa aktivitetar som t.d. trappetrening, trening i gangbane og andre aktivitetar som fremjar/held ved like funksjonsnivå og meistring hjå den enkelte pasient. Individuell trening som t.d. styrke- og balansetrening er eit fallførebyggjande tiltak.
  • Gruppeaktivitetar som vert brukt mykje er trim, sitjedans, bowling og lesegrupper.
  • Kulturopplevingar og arrangement med meir.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om dagtilbod dersom du er heimebuande.
  • Gjera deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Ansvar for verdisaker som vert teke med til institusjonen.
  • Sjølv sørgje for transport og betaling til og frå institusjonen.

Kva koster det?

Vederlag for opphaldet vert krevd ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Slik søkjer du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post
Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015
Fann du det du leita etter?