Avlasting i institusjon

Pleietrengande som bur heime kan få eit opphald på institusjon i eit avgrensa tidsrom, slik at dei som har den daglege omsorga kan få avlasting.  

Kriterium for tildeling

  • Personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Einslege brukarar.
  • Omsorgsbehovet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vera åleine heile eller delar av døgnet, og gir avgrensa mogelegheit til ferie og fritid for omsorgsytar.
  • Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og det må medføra større behov for hjelp enn det som normalt er forventa til alderen (gjeld spesielt born).
  • Den omsorgstrengande må vera heimebuande eller midlertidig opphalde seg i kommunen.
  • Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov, som i hovudsak vert teke hand om av privat omsorgsgjevar.
  • Avlasting i kommunal bustad eller privat bustad er vurdert eller prøvd ut utan nokon særleg effekt.

Lovgrunnlag

Avlastning er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav d.

Kva får du?

Tidsavgrensa opphald i institusjon for den som er pleietrengande. Inneheld pleie- og omsorg for ivaretaking av grunnleggande behov, men ikkje utgreiing, behandling og rehabilitering.

  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter tilvising av lege.
  • Aktivitetstilbod på institusjonen.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om korttidsopphald for avlasting i institusjon.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. klage.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Den enkelte brukar utfører sjølv det han/ho meistrar.
  • Ta med deg eigne legemidlar og medisinsk utstyr.
  • Ta ansvar for eventuelle verdisaker som vert tekne med.
  • Sørgje for at private klede er merka med namn.
  • Sørgje for transport og betaling til og frå avlastingsopphaldet.

Kva kostar det?

Det er inga fastsett eigenbetaling for avlastingsopphald. Brukar må derimot sjølv betala for aktivitetar som ikkje føregår i institusjonen, som kino, bading, konsertar o.l., men kan reservera seg mot desse aktivitetane.

Slik søkjer du:

 

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 721 kB)
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post

 

 

 

Publisert av Torbjørn Titlestad. Sist endra 30.03.2015