Bustad

Med Husbankmidlar kan du få finansiering til å kjøpa bustad, tilskot til utbetring av bustad og bustøtte som hjelp til betale husleige eller bustadlån.

Kva er startlån og tilskot til etablering ?

Startlån og tilskot er statlege midlar via Husbanken, til personar som ikkje får vanleg bustadlån i bank eller ikkje får tilstrekkeleg bustadlån. Startlån og tilskot er behovsprøvd. Startlån/tilskot kan nyttast til kjøp eller bygging av bustad, til utbetring eller til refinansiering. Startlån vert som oftast gitt saman med banklån, men kan innvilgast som fullfinansiering i særskilte tilfelle.

Kven kan få startlån/tilskot?

Kommunen kan gi startlån/tilskot til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lån i ordinære kredittinstitusjonar. Kommunen tildelar startlån etter behovsprøving, og skal vurdera om søkjar

- har langvarige vanskar med å finansiera eigd bustad                                                

- har nytta moglegheiten til sparing innanfor vedkommande si inntekt og utgifter til livsopphald

Målgruppa for startlån og tilskot er m.a. økonomisk vanskelegstilte, barnefamiliar, einslege forsytarar, ungdom i etableringsfasen, personar med nedsatt funksjonsevne og flyktningar.
Det er dei mest langsiktig vanskelegstilte på bustadmarknaden som skal prioriterast.

 

Korleis søkjar du?

Frå 04.05.16 søkjar du elektronisk til kommunen der du ynskjer å kjøpe bustad/der du har bustad. 

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på www.husbanken.no

 

Kontaktinformasjon

Voss kommune, kommunenr 1235.

Saksbehandlar: Gro Sølvberg, tlf 930 07 111, epost gro.solvberg@voss.kommune.no

 

Tilskot til tilpassing

Dersom du har nedsett funksjonsevne og har behov for utbetring/tilspassing av bustaden, slik at du kan bli buande heime.

 

Bustøtte

Sliter du med å betale husleia eller boliglånet ditt? Har du lave inntekter eller høye boutgifter i tillegg? Da kan du ha rett til bostøtte.
Søknadsfrist er den 25. i kvar månad.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på www.husbanken.no

 

Kontaktinformasjon

NAV, tlf 55 55 33 33 eller www.nav.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?