Du kan søkja om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av ei isolert tilvere. Støttekontakten får godtgjersle frå kommunen.
Støttekontakten tilbyr bl.a. sosialt samvær etter behov og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på den enkelte brukars ynskjer, behov og føresetnadar.
Tenesta kan organiserast på tre måtar:
-
Individuell støttekontakt
-
Deltaking i ei aktivitetsgruppa
-
Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon
Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn.
Tildelingskriterier
6.1 Lovgrunnlag
Personleg assistanse, her under praktisk bistand, opplæring og støttekontakt er heimla i helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b.
6.2 Målsetting
Støttekontakten skal bidra til at den som mottar tenesta får ei meiningsfull fritid og samvær med andre.
6.3 Kriterier for tildeling
Dei som ikkje kan yta omsorg for seg sjølv eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagliglivets gjeremål, har krav på praktisk bistand. Det skal føreligga eventuelle helseopplysningar som tilseier at søkar ikkje kan ivareta eigenomsorg eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klara dagliglivets gjeremål. Etter samtale med søkjaren avgjer kommunen kva for tenester som skal gis.
6.4 Tenestas innhald
All tildeling av tenester blir gjort på bakgrunn av ei kartlegging av funksjonsnivået (IPLOS), etter individuell og tverrfagleg vurdering.
Støttekontakt:
-
Gje bistand til deltaking i ulike aktivitetar/fritidsaktivitetar.
-
Gje bistand til deltaking i sosiale og/eller åndelige aktivitetar.
-
Bidra til at brukar får ei meiningsfull fritid og samvær med andre.
Ynskjer du støttekontakt kan du søkja til tildelingskontoret i Voss kommunen via søknadsskjema til høgre.