Arealplanlegging

Buføreveg på Hadlingateet på Kyte. Kjersti Næss Finne Omsynssone for buføreveg heilt til høgre på plankartet.

 

    Planavdelinga gjev rettleiing for alle som har idear og ynskjer om utbygging i Voss kommune. Det gjeld både offentlege og private tiltakshavarar og planleggjarar. Planavdelinga gjev og rettleiing av korleis ein kan forholde seg til godkjente planar.

Fagområde arealplan har følgjande ansvarsområde:

Vi svarar på generelle spørsmål knytt til reguleringsplanar. Aktuelle spørsmål vi kan svare på er:

  • Oppstartmøte for å regulere eit område
  • Vurdering av fritak frå kravet om reguleringsplan – dvs dispensasjon
  • Spørsmål om varsling knytt til reguleringsplanar m.m.
  • Vurdering av krav om konsekvensutgreiing

 

Kva kostar tenesta?

Det å ta kontakt med planavdelinga og eventuelt ta eit rådgjevingsmøte er kostnadsfritt. Dersom ein vel å sette i gang ein formell reguleringsplanprosess er det knytt kostnader til ulike fasar i planleggingsprosessen. Handsaming av detaljreguleringsplanar er fastsett i gebyrregulativ for private detaljreguleringsplanar i Voss. I utgangspunktet utløyser ikkje utarbeiding av områdereguleringsplanar krav om gebyr. Men kommunen kan inngå avtale med private om utarbeiding av privat områdereguleringsplan. Gebyrregulativet Kostnadar knytt til reguleringsplanar varierer ut frå kompleksiteten i saka. Inndelinga er delt i 3 ulike kategoriar.

  • Mindre reguleringsendring (§12-14)
  • Middels tung sak(§12-8)
  • Komplisert sak(§12-8)

Gebyret er delt opp i 3 delar og vert fakturert fortløpande etter framdrift i saka.

  • Oppstartmøte
  • 1.gongs handsaming
  • 2.gongs handsaming

Slik nyttar du tenesta Generell informasjon om planlegging kan ein få gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet si side planlegging.no   Vossakart gir god informasjon om kart i heile kommunen.   I Vossakart kan ein søke med ulike informasjon

  • Gards- og bruksnummer
  • adresse

Det er ein fordel å orientere seg i kommunen sin kommuneplan før ein setter i gang planleggingsprosessen med reguleringsplan. Ein bør orientere seg i:

  • Kommuneplanen sin arealdel
  • Føresegner og retningslinjer til arealdelen

Ta direkte kontakt med planavdelinga for spørsmål: Kontaktperson: Leiar: Berit Marie Galaaen 56519608 / 90186409 berit.m.galaaen@voss.kommune.no   Ein kan og gå inn her:

Framdriftsplan

  • Planavdelinga prøver å gjennomføre oppstartsmøte innan 14 dagar etter tinging av oppstartmøte er sendt inn.
  • Fristar for sakshandsaming av planforslag er fastsett i plan og bygningslova § 12-10
  • Handsaming av plansaker vert styrt av når det er politiske møter i kommunen. Plansaker vert behandla i FPL (Formannskap, plan og økonomi) og KST (kommunestyret) møteplan
Fann du det du leita etter?