Vilt

Viltlova definerar alle viltlevande pattedyr, fuglar, amfibier og krypdyr som vilt. I formålsparagrafen vert det slått fast at ”viltet og viltets leveområde skal forvaltes slik at produktivitet og artsrikdom bevares”. Voss kommune har utarbeidd ein eigen plan for viltforvaltninga i kommunen. Planen legg rammer for det praktiske arbeidet i kommunen. 

Fleire artar har hatt ein kraftig tilbakegang dei seinare åra. Ulike former for menneskeleg aktivitet, som øydelegging av artane sine leveområde, har sterkt medverka til dette. Det er derfor utarbeida nasjonale lister (”raudlister”) over trua og sårbare artar i landet.  I Voss kommune lever fleire av desse artane . Kommunen har derfor eit ansvar for å ta vare på desse artane og leveområda deira. Eksempel på trua/sårbare artar i kommunen er: Dvergspett, hubro, jaktfalk og åkerrikse.


Viltpåkøyrsle/fallvilt

Voss kommune har hovudansvaret for å handsama fallvilt. Det praktiske arbeidet er sett bort til Voss Fallvilt, og regulert gjennom ein skriftleg avtale mellom partane.

Ved påkøyrsle av hjortevilt er det lovpålegg om å melda hendinga til politiet. Hugs å merka staden for påkøyrsla tydeleg, slik at ettersøksekvipasjen får eit godt utgangspunkt for ettersøket av det skada dyret.

Daudt vilt som utgjer ein risiko for forureining vert handsama av Teknisk, driftsavdelinga på Bryn.

 

Ved skada vilt kan ein kontakta lensmannskontoret på tlf 56 52 87 00.

Avliving av skabbrev og andre skadedyr

Lov om dyrevelferd § 4: Råkar nokon på eit dyr som synleg er sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal han hjelpa det så langt råd er.

Når det er klårt at dyret ikkje kan leva eller verta godt att, kan kvar den som råkar på det, ta livet av dyret med det same i samsvar med reglane i § 4, i Lov om dyrevelferd, såframt det trengst for å spara det for meir liding.

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?