Småviltjakt

Det meste av småviltjakta på Voss er organisert gjennom 13 grunneigarlag som sel jaktkort. Dette utgjer ca 1500 km² av Voss kommune sitt totale areal på 1815 km². Ca. halvparten av arealet er høgfjell.

Av jaktbare artar er fjellrype, lirype og hare dei viktigaste artane på Voss. Rypebestanden varierer frå område til område, og frå år til år. Harebestanden på Voss er relativt tett. Nokre stader er det brukbare bestandar av orrfugl og storfugl, men skogsfuglen er stort sett freda. Nokre få grunneigarlag sel spesielle skogsfuglkort.      

Jakt med hund er generelt ikkje tillate, men nokre grunneigarlag sel jaktkort for harejakt med hund.

Jaktstart varierer frå og med 10. september til og med 1. oktober. Det vert seld sesongkort, helgekort og dagskort. Kortprisane ligg på eit rimeleg nivå, men varierer litt frå område til område. Dei fleste grunneigarlaga tek eit pantebeløp ved sal av jaktkort. Panten vert betalt attende når jaktkortet med fangstrapporten vert returnert innan fristen som er 31. desember. Leverar du jaktkortet tilbake til kortseljar får du panten attende med ein gong. Viss du ikkje leverar kortet direkte til kortseljar, må du hugse på å føre på kontonummer.

I tillegg til rype og hare er det tillate å skyte følgjande arter innanfor gjeldande jakttid for dei enkelte artane: nøtteskrike, skjære, kråke, ramn, raudrev, røyskatt, villmink, mår og grevling. Ei effektiv jakt av desse artane vil virke positivt inn på rype- og harebestandane.

Jegeren må sjølv sørgje for å gjera seg godt kjend med dei lokale reglane og grensene for det området han/ho har kjøpt jaktkort i. VIKTIG! Grensene som er innteikna på oversiktskartet er ikkje eksakte. Det er like viktig å returnere fangstrapporten sjølv om ein ikkje har skote noko. Før opp kor mange dagar du har jakta. Vis måtehald med kor mykje fugl du skyt, og vis omsyn til andre jegerar. Meld frå om du finn sau. Det vert gått jaktoppsyn under småviltjakta. Hugs å ha jegeravgifta og jaktkortet med under jakta. I samsvar med ny våpenlov skal jegeren ha med våpenkort for registreringspliktige våpen under jakta.

 

Dei enkelte grunneigarlaga sel jaktkort, eksempelvis for gråsida;  

 

SMÅVILTJAKT PÅ GRÅSIDA
Gråsida jaktområde er eit høgfjellsplatå 1000-1350 m.o.h. som vert kransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Området strekkjer seg omtrent frå Kvålsdalen i vest til Roksbotn i aust, og frå Hjortadalen i sør til stølane Hindartveit, Smågiljane, Rapjane og Flyane i nord. Sjå kart for nøyaktige grenser.
I jaktsesongen kan ein mellom anna jakte på  fjellrype, lirype og hare, som er dei viktigaste jaktartane.  

 

Veiledande pris

Billettype

Billettavgift

Pris

NOK 150,- 1 dag

Ungdom (-18 år)

NOK 200,- sesongkort

Voksen

NOK 500,- sesongkort

NB: prisane er veiledande og kan endrast frå dag til dag.

 

Fann du det du leita etter?